Hopp til innhold

USAs forsvarsminister: Har stoppa våpenlast til Israel

USA har stansa ei skipslast med ammunisjon til Israel. Det stadfestar forsvarsminister Lloyd J. Austin.

Lloyd Austin

USAs forsvarsminister Lloyd Austin bekreftar at USA har heldt tilbake ein skipslast med våpen til Israel.

Foto: SAUL LOEB / AFP

Etter at fleire amerikanske medium gjekk ut med nyheita onsdag morgo, blei den bekrefta av forsvarsministeren onsdag ettermiddag.

USA har stansa ei skipslast med ammunisjon til Israel. Det stadfestar forsvarsminister Lloyd J. Austin.

Årsaka er dei Israelske truslane om ein fullskala invasjon av Rafah på Gazastripa.

– Vi har vore veldig klare på at Israel ikkje burde sette i gang eit større angrep inn i Rafah utan å verne dei sivile, sa Austin i ei høyring i Senatet.

Det melder Reuters.

Han opplyser onsdag ettermiddag at USA ikkje har bestemt korleis dei vil halde fram våpeneksporten.

Palestinere i ruinene av boligblokker og en moské i Rafah sør på Gazastripen. Ifølge AP holdt USA i forrige uke igjen en bombeleveranse til Israel i bekymring for at Israel var i ferd med å innlede en fullskala-operasjon i Rafah.

Palestinarar i ruinane av bustadblokker og ein moské i Rafah sør på Gazastripa. Ifølge AP heldt USA førre veke igjen ein bombeleveranse til Israel i bekymring for at Israel var i ferd med å innleie ein fullskala-operasjon i Rafah

Foto: Fatima Shbair / AP

Nyheitsbyrået AP viser til ein høgtståande tenesteperson i Biden-administrasjonen som har sagt at Israel ikkje har svart skikkeleg på USA si bekymring over dei humanitære forholda i Rafah, ifølge Washington Post.

– Kvar ei usemje med USA vert løyst bak lukka dører, seier Daniel Hagari frå det israelske forsvaret IDF til Reuters.

Det er første gong sidan Hamas-angrepet på Israel 7. oktober i fjor at USA har stansa ein våpenleveranse til det israelske militæret.

Også frå israelsk side har liknande opplysingar vorte gitt til nettstaden Axios frå ikkje namngitte tenestepersonar. Kjelder seier til AP og AFP at det ikkje er tatt noka endeleg avgjerd om bombene skal sendast seinare eller ei.

Joe Biden og Benjamin Netanyahu møttes 18. oktober 2023 for å diskutere konflikten mellom Israel og Hamas. Då lova USA full støtte til Israel. I dag er forholdet meir anstrengt.

Joe Biden og Benjamin Netanyahu har tett kontakt over telefon, seinast måndag denne veka. Då åtvara Biden mot ein israelsk invasjon av Rafagh. Då dei to statsleiarane treftest i oktober lova USA full støtte til Israel i konflikten med Hamas. I dag er forholdet meir anstrengt.

Foto: Reuters

Frykta for Rafah

Våpenleveringa som vart stoppa skulle ha vore på 1800 bomber på 900 kilo kvar og 1700 bomber på 225 kilo.

AP skriv at Israel har brukt slike bomber på 900 kilo jamleg i dei sju månadene med angrep mot Gazastripa. USA frykta at dei no skulle verte brukt i ein lenge varsla invasjon av Rafah.

Før krigen husa Rafah 280.000 menneske, men no har meir enn 1 million fordriven palestinarar flykta dit frå andre delar av Gazastripa. Blant dei er 600.000 barn, ifølge Unicef.

NRKs reporter Sidsel Wold er i Jerusalem.

– Ei dobbel humanitær krise

Israel har sidan natt til måndag bomba austlege bydelar i Rafah frå lufta og gjekk tysdag inn med pansra køyretøy og tok kontroll over Rafah-grensa.

I eit døgn var Gaza totalt isolert for humanitær hjelp, skriv NTB.

– Viss Israel no invaderer Rafah i full skala, vil det verte ein humanitær katastrofe oppå ein humanitær katastrofe, seier seniorforskar ved Fredsforskningsinstituttet (Prio), Jørgen Jensehaugen, til NRK onsdag morgon.

– Gaza er allereie ein fullstendig katastrofe. Vi snakkar om minimum 35.000 drepne menneske og ein sultkatastrofe. Og Rafah er siste skanse, seier han.

Rafah ligg heilt sør på Gazastripa. No har IDF gitt fleire av dei som bur i byen ordre om å søke tilflukt i Khan Younis, som er den største byen i sør, eller i kystbyen Al Muwasi.

Rafah

Palestinske familiar og sivile må reise frå Rafah etter å ha søkt tilflukt der frå andre byar. IDF bombar no delar av byen frå lufta, og er inne med bakkestyrkar.

Foto: Ahmed Abu Kmeil

Trassar åtvaringar

Både FN og Noregs utenriksminstar Espen Barth Eide har sagt at ein bakkeinvasjon av Rafah, noko Israel lenge har varsla, vil bety eit blodbad for sivile palestinarar. USA har også fleire gongar åtvara Israel mot ein slik operasjon.

– Ein storskala operasjon i dei tett befolka delane av Rafah vil auke risikoen for skadde og døde sivile. Det har vi gjentatte gongar uttrykt til IDF, sa John Kirby ved Det kvite hus til AP tidlegare denne veka.

USA er største leverandør av våpen til Israel i krigen på Gazastripa.

Om Hamas: – Kynisk bruk av sivilbefolkninga

Sjef ved Forsvarets krigsskule, Sigbjørn Halsne, fortel i Nyhetsmorgen onsdag at krig inne i byar er det verste krigsscenarioet for sivile.

– Hamas bruker befolkninga i Gaza ganske kynisk. Dei opererer i sivilt og tett på sivilbefolkninga, og utset dei dermed for ein stor risiko, seier han.

Israel har i løpet av den sju månadar lange krigen hevda at dei held seg til krigsfolkeretten sine reglar. Men FN seier at landet gjentatte gongar bryt med folkeretten i krigføringa.

Kartet viser dei to grenseovergangane i Rafah; Kerem Shalom og Rafah-overgangen. Denne veka vart begge stengde av Israel, men onsdag morgon vart Kerem Shalom opna igjen.

Pressa forhandlingar om våpenkvile

Samstundes som den israelske regjeringa trassar amerikansk motstand, har dei denne veka avvist eit våpenkvileforslag som Hamas har gått med på.

The Guardian skriv at Israels delegasjon framleis er i Kairo i Egypt der samtalar om våpenkvile held fram.

Ein kjelde i den israelske regjeringa seier til Reuters at det ikkje er noko teikn til gjennombrot og at forhandlingane vil halde fram på eit «middels nivå».

Sigbjørn Halsne ser invasjonen av Rafah både som ei reell handling og som eit ledd i forhandlingane om ein våpenkvileavtale.

– Krig er politikk og dei to tinga heng nok veldig tett saman, seier Halsne.

Forhandlingane, som skjer i Kairo, braut saman på søndag. Men tysdag starta dei opp igjen. Dei involverer Israel, Hamas, USA, Qatar og Egypt.

Ifølge ei meiningsmåling i det israelske mediet Kanal13 meiner 56 prosent av israelarane trur at Netanyahu er meir opptatt av politisk overlevelse enn å få ut gislane.

Den israelske forsvarsministeren Yoav Gallant sa i går at dei var villige til å kompromisse på ideen om å øydelegge Hamas fullstendig i bytte mot fleire gislar.

John Kirby uttrykte tysdag kveld optimisme for forhandlingane, ifølge AP.

– Vi trur dei er i stand til å nærme seg kvarandre, og vi skal gjere alt vi kan for å hjelpe dei i den prosessen, sa han.

NRK har geolokalisert videoene.

Israelske pansra køyretøy køyrer ned «Eg elskar Gaza»-skilt i Rafah. NRK har geolokalisert videoane.

SISTE NYTT

Siste nytt