Mennesker drept siden 7. oktober 2023
I ein tidlegare versjon av denne artikkelen stod det at Colonna-rapporten også undersøkte den israelske regjeringa sin påstand om at 12 UNRWA-tilsette deltok i Hamas-angrepet 7. oktober. Dette er feil. Deltaking i Hamas-angrepet blir etterforska parallelt av det interne FN-organet OIOS, som ikkje har konkludert enno.
– Israel kom med offentlege påstandar om at eit vesentleg tal UNRWA-tilsette er medlem av terrororganisasjonar.
– Israel har ikkje enno gitt bevis som støttar opp om dette.
Slik startar den etterlengta Colonna-rapporten, der fagfolk har vurdert FN-organisasjonen sin nøytralitet.
Blant dei er norske ekspertar ved Chr. Michelsens Institutt i Bergen.
I januar blei 12 UNRWA-tilsette skulda for å vere medlem av terrororganisasjonar, og å ha delteke i Hamas-angrepet 7. oktober i fjor. Ti av desse fekk sparken like etterpå, og to er døde.
Sist månad trappa Israel opp skuldingane, og hevda at fleire enn 450 av dei tilsette jobba for militante grupper i Gaza, melder Reuters.
Ei eiga etterforsking leidd av Kontoret for internt overblikk (OIOS) etterforskar framleis dei 12 som Israel har knytt til Hamas-angrepet, medan Colonna-granskinga har undersøkt nøytralitet blant dei tilsette i organisasjonen generelt.
Sender lister over tilsette til Israel
I organisasjonen jobbar det 30.000 personar til saman, som hjelper 5.9 millionar palestinske flyktningar i regionen, også utanfor Gaza.
Granskingskomitéen skriv at UNRWA sidan 2011 har sendt inn oversikter til styresmaktene i Israel, slik at dei kan sjekke bakgrunnen til dei som jobbar der.
– Dei israelske styresmaktene har ikkje informert UNRWA om noko bekymring knytt til tilsette i UNRWA basert på desse listene.
Framleis nektar Israel å sleppe inn noko som helst naudhjelp gjennom organisasjonen, trass i store og aukande behov.
Den israelske utsendinga til FN har ikkje enno svart på Reuters sin førespurnad om kommentar etter at rapporten blei publisert.
«Problem med nøytralitet»
På pressekonferansen viste komitéleiar Catherine Colonna til det komitéen kallar «nøytralitetsutfordringar».
– Det er ikkje nyheiter at UNRWA har utfordringar med politisering av tilsette på bakken, seier Colonna.
– Ikkje alle, men nokre av dei, og vanlegvis stillingane med meir påverknadskraft.
Likevel meiner komitéen at UNRWA har eit særskilt grundig system for å sikre nøytralitet, blant anna med grundige bakgrunnskontrollar.
Dei har levert heile 50 forslag til endringar i korleis organisasjonen fungerer, som:
- å etablere ei etterforskande eining som skal sikre nøytralitet,
- å endre måtane UNRWA kontrollerer bakgrunnen til dei tilsette på, og
- å innføre tredjepartskontrollar av sensitive prosjekt.
Godkjent av generalsekretæren
Generalsekretæren i FN, António Guterres, har godkjent anbefalingane.
– UNRWA, med generalsekretæren si støtte, skal få på plass ein handlingsplan for å innføre dei anbefalte endringane, seier talspersonen hans i eit utsegn.
– På vegen vidare ber han alle aktørar om å aktivt støtte UNRWA, fordi det er ei livbøye for palestinske flyktningar i regionen.
Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu har fleire gongar kravd at UNRWA blir avvikla.
– Vi må erstatte UNRWA med andre FN-organisasjonar og hjelpeorganisasjonar, dersom vi vil løyse Gaza-problemet slik vi har planar om å gjere, sa han ifølge Reuters 31. januar.
På spørsmål om Israel si stilling til organisasjonen, svarte Colonna følgande:
– Vi veit alle at den israelske regjeringa har offentleg uttrykt sterke meiningar om UNRWA, men det store fleirtalet i det internasjonale samfunnet deler ikkje Israel sitt syn.
Redd Barna: – Vi treng UNRWA
Men klokka tikkar. 80 prosent av all naudhjelp til Gaza kjem via UNRWA, og behova på bakken har auka enormt i løpet av seks månader med krig.
Utanlandssjef i Redd Barna, Nora Ingdal, seier deira tilsette har «sete klistra til nyheitene» medan dei venta på den fullstendige rapporten.
– Barn dør medan vi snakkar no. Dei svelt i hel, og vi kjem ikkje til. Vi treng UNRWA, seier ho til NRK.
– I det biletet så treng vi at givarane tek opp att finansieringa og støtta til UNRWA, økonomisk og moralsk.
Ho seier skuldingane har fått store konsekvensar for organisasjonen. Det at støtta til UNRWA enno er svekka påverkar også Redd Barna si emne til å nå fram, fortel Ingdal.
– UNRWA hadde ei koordinering til å nå fram, heilt opp til Nord-Gaza der behova har vore størst.
Ho ber no land om å ta opp att støtta til UNRWA.
Meiner funna svekker Israel sine skuldingar
Jørgen Jensehaugen er seniorforskar på Institutt for fredsforsking (Prio), og ekspert på den langvarige konflikten mellom Israel og Palestina.
– Skuldingane mot UNRWA har ført til enorme konsekvensar, og har potensial til å gjere at organisasjonen kollapsar, seier han til NRK.
– Så når Israel framleis ikkje kjem med den type bevismateriale, så er det graverande.
Skuldingane har gjort at UNRWA mista store summar i pengestøtte frå verdssamfunnet i januar – rekna til rundt 4,6 milliardar kroner.
Konsekvensane blir spesielt synlege når ein ser på dei mest sårbare områda på Gazastripa, meiner Jensehaugen.
– Det korte svaret er at Nord-Gaza ikkje klarar seg utan UNRWA, for Nord-Gaza klarar seg ikkje no i det heile teke.
– Sveltekatastrofen er også ein refleksjon av at UNRWA er nekta tilgang.
USA har stengt krana, Storbritannia sit på gjerdet
Ei rekke land valde å setje pengestøtta til FN-organisasjonen på pause medan skuldingane blei etterforska.
I dag har dei fleste av landa teke opp att si støtte, men ikkje USA, og ikkje Storbritannia.
Britiske styresmakter har sagt at dei ville vente på Colonna-rapporten før dei tok stilling til nye utbetalingar.
Jensehaugen trur konklusjonane kan vere positive nok for UNRWA til at Storbritannia vel å støtte dei på nytt.
– Men det er klart at USA er den verkeleg store, seier han.
– Så lenge dei ikkje kjem tilbake og ingen andre store givarar aukar sine bidrag vesentleg, er det fare for at UNRWA går konkurs eller må gjere drastiske inngrep i strukturen sin.