Hopp til innhold

Forbyr burka på strendene i Cannes

Cannes har innført eit midlertidig forbod mot burkini på byens strender, berre dagar etter at politikarar utanfor Marseille sa nei til ein «burkinidag» i ein privat vasspark.

burkini

Cannes forbyr burkini på strendene ut august. Her badar ei kvinne i burkini i Marseille, der debatten også har blussa opp etter at ei gruppe ville arrangere ein dag i ein vannpark kun open for kvinner og barn, i burkini.

Foto: Ap

Borgarmeisteren i Cannes, David Lisnard frå høgrepartiet Republikanarane, skal for eit par veker sidan ha forbydd bruken av badeplagget burkini på strendene i byen på den franske rivieraen, melder AFP i dag.

– Eit badeplagg som på ein demonstrativ måte viser ei religiøs tilhøyrsle, då Frankrike og religiøse forsamlingsstader er utsett for terrorangrep, vil i seg sjølv skape risiko for uro på offentleg stad (samanstimlingar, samanstøyt osv.), noko vi må prøve å unngå, heiter det i grunngivinga til borgarmeisteren.

Ikkje ulovleg ifølge fransk lov

Forbodet gjeld ut august 2016. Brot med forbodet vil bli straffa med ein bot på 38 euro.

– Det handlar ikkje om å forby eitkvart teikn på religiøse symbol, seier Thierry Migoule i byadministrasjonen til AFP, gjengitt i Le Monde.

Han seier at det er snakk om å forby «demonstrative antrekk som refererer til ein truskap til terrorgrupper som er i krig med oss».

Nice etter terrorangrepet

Det har vore ei spent stemning i Frankrike, spesielt på rivieraen, etter terrorangrepet i Nice tidlegare i sommar. Her sit ein mann på ein benk i Nice, nokre dagar etter angrepet 14.juli.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / Afp

Frankrike har hatt eit forbod mot plagg som dekkar ansiktet sidan 2010, men det seier ingenting om burkini. Landet har ein sterk sekulær tradisjon, noko som er fastsett i grunnlova. Samtidig har landet ei stor muslimsk befolkning, og har dei siste åra hatt mange debattar knytt til dette.

Sa nei til «burkinidag»

Denne veka blussa også burkini-debatten opp i Marseille, då lokale politikarar i ein forstad til Marseille sette ned foten mot ein såkalla «burkinidag», som kritikarar kallar det.

Ei gruppe ønska å organisere ein dag reservert for kvinner og barn i ein vasspark, der burkini skulle vere obligatorisk.

Det vekte reaksjonar, spesielt blant politikarar på høgresida, som såg det som eit "kommunitaristisk" og splittande forslag, skriv Le Monde.

Borgarmeister Michel Amiel i Les Pennes-Mirabeau, forstaden til Marseille der arrangementet skulle gå føre seg, seier ifølge France 24 at han meiner det ville vere ein provokasjon dei ikkje treng i det spente klimaet etter terrorangrepa i landet den siste tida.

Ein anna lokalpolitikar, Samia Ghali, som sjølv er muslim, er ikkje einig, og påpeikar at dette er ein privat vasspark, og at å bruke burkini ikkje er ulovleg.

I Marseille, der det bur 200.000 muslimar, er ikkje burkini eit uvant syn.

SISTE NYTT

Siste nytt