Hopp til innhold

Tysk statskupp-sak i retten: Skulle styrte regjeringa og setje inn ein obskur tysk prins

27 medlemmer av ekstremistgruppa Reichsbürger er terrortiltalte i den elleville rettssaka i Tyskland. Dette veit vi så langt om dei namngitte.

APTOPIX Germany Far Right

MEINER DETTE ER RINGLEIAREN: Påtalemakta i Tyskland meiner at denne mannen, ein 71 år gammal aristokrat, leiar ekstremistrørsla.

Foto: Boris Roessler / AP

Heile 20.000 personar har blitt kopla til Reichsbürger av tysk PST.

Dei har følgt med på medlemmene av den høgreekstreme gruppa i lang tid, nokre så lenge som i åtte år.

I slutten av 2022 blei dei første arresterte, mistenkte for å planlegge eit kupp. Påtalemakta meiner dei ville felle den sitjande regjeringa.

-

I januar 2023 blei dei første fem tiltalene henta ut. Det var mot blant anna Reuss, som er tiltalt for «høgforræderi».

Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP

Hadde dei klart det, igjen ifølge påtalemakta, var ambisjonen å setje inn ein obskur tysk prins som nytt statsoverhovud.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i tidsskriftet Syn og segn, og har skrive bok om ytre høgre i Tyskland.

Foto: Marit Kolberg

Maratonrettssaka skal gå føre seg i tre stykke. Måndag skal ni av personane møte i retten for å høyre skuldingane mot seg, medan dei mest kjente figurane skal i retten 21. mai.

– Dei som er skulda for kuppforsøket er det mange som har bakgrunn frå politi og militær, seier Astrid Sverresdotter Dypvik, som har skrive bok om høgreekstremisme og følger tysk politikk tett.

– Dei er også høgborgarlege. Så dei er ressurssterke folk.

Les også Kupp i Tyskland: Var Reichsbürger-bevegelsens planer en reell trussel?

Politifolk på raid i Berlin.

Dette er personane vi kjenner til som er skulda for statskupp-plottet:

Mannen som påtalemakta kallar for «ringleiaren» i miljøet, er ein 71 år gammal aristokrat og forretningsmann. Han blei arrestert på vestkanten i Frankfurt i desember 2022.

Heinich XIII prins av Reuss nektar å anerkjenne noko tysk nasjonalforsamling sidan 1918, som er då keisar Wilhelm II abdiserte.

Han har levert fleire talar til store forsamlingar, der han mimrar om eit Tyskland som blei grunnlagt i 1871.

Suspected members and supporters of a far-right group were detained during raids in Germany

Heinrich XIII blei arrestert 7. desember 2022.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Ekte prinsetittel

Heinrich XIII sine forfedrar er eit faktisk kongehus med namn Reuss, som styrte ei gruppe statar i det som no er den tyske regionen Thüringen.

Tyskland har vore ein republikk i hundre år, og har ingen prinsar eller kongar lenger. Men nokre aristokratar som har arva kongelege titlar vel framleis å bruke dei.

– Familien hans seier han har tørna litt i samband med å drive med nokre rettsprosessar i Thüringen for å få tilbake eigedommar som høyrde til Reuss-slekta, seier Dypvik.

Germany Daily Life

Heinrich XIII har prøvd å krevje tilbake landområde som han meiner er rettmessig hans. Biletet viser Heldburg-borga, som høyrer til ei anna slekt.

Foto: Martin Schutt / AP

– Han har tapt alt.

Overhovudet i familien som no er Reuss-Greiz, prins Heinrich XIV, kallar han for ein «forvirra gammal mann» som har blitt oppteken av «feilaktige konspirasjonsteoriar».

Ein annan person som tysk og internasjonal presse har knytt til rørsla, er Rüdiger von Pescatore (69). Han starta i det tyske militæret i 1971.

På 90-talet blei han sjef for fallskjermjegerbataljon 251 i Tyskland, ein jobb han mista då han blei kopla til eit uautorisert sal av våpen med opphav i den aust-tyske hæren, ifølge The Guardian.

Etter ein vilkårsbunden fengselsdom flytta Pescatore til Brasil med familien sin, melder den tyske avisa Zeit.

Medan han budde her skal han ha fortalt ein omsettar at han var medlem i ein Telegram-kanal der likesinna personar diskuterte «eit meir rettvist Tyskland for det tyske folket».

Virus Outbreak Germany

Fleire medlemmer i Reichsbürger-rørsla deltok på demonstrasjonar mot samfunnsnedstenging og vaksinasjon i 2021.

Foto: Boris Roessler / AP

Returnerte for å «hjelpe ein venn»

Pescatore flytta tilbake til Tyskland i 2021 fordi han skulle «hjelpe ein venn», og budde i ein mellombels bustad då politiet banka på døra.

Dei ni første som blir stilt for retten er «i den militære arma» blant planleggarane, melder New York Times. Blant dei er ein annan namngitt militærmann, Maximilian Eder.

– Dei er ikkje nødvendigvis så kjente, nokon av dei. For dersom du skal ha ei høg stilling i militæret så kan du ikkje samtidig vere ein kjend høgreekstremist, seier Dypvik.

– Men høgreekstremistar har vore veldig opptekne av å nettopp vere til stades i hæren.

Det siste av namna er ein politikar som er skulda for å mate gruppa med informasjon frå innsida av Forbundsdagen, ifølge DPA.

Birgit Malsack-Winkemann (59) var dommar, og representerte partiet Alternativ for Tyskland (AfD) i nasjonalforsamlinga.

– AfD er eit veldig radikalt ytre høgreparti, og har innslag av ganske mange forskjellige typar miljø, men Malsack-Winkemann blei rekna for å vere ein moderat person, seier Dypvik.

– Det viste det seg jo at ho ikkje var. Ho har sete i varetekt sidan det blei kjent at ho var ein del av den konspirasjonen.

Tyske medium har også meldt at fleire av dei sitjande forbundsdagsrepresentantane til AfD har besøkt ho fast i fengselet.

Germany Taurus Missiles

Malsack-Winkemann hadde vervet i den tyske nasjonalforsamlinga fram til 2021. Dette biletet er teke i år.

Foto: Britta Pedersen / AP

– Veldig stort oppstuss

Politikarvervet hadde Malsack-Winkemann mellom 2017 og 2021, før ho igjen blei dommar i det berlinske rettsvesenet i 2022, melder Politico.

Då ho blei arrestert eitt år seinare mista ho også denne jobben, ifølge avisa.

– Det skapte veldig stort oppstuss. For veldig mange blir det halde fram som nok eit argument for at AfD er eit veldig farleg parti som ein bør med alle lovlege midlar avgrense påverknadskrafta til.

– Men frå AfD og den type miljø har dei prøvd å bagatellisere kuppet og seie at det berre var ein gjeng pensjonistar som prata litt tull.

Skjer inne i eit høgsikkerheitsfengsel

Noko av det mest spesielle med denne rettssaka er at den skjer inne i Stammheim-fengselet i Stuttgart, fortel Dypvik.

GERMANY-HISTORY-EXTREMISTS-PRISON

Rettssaka skjer inne i høgsikkerheitsfengselet Stammeim, som fleire andre saker mot høgreekstremistar. Biletet er frå 2007.

Foto: MICHAEL LATZ / AFP

– Dei er tiltalte for statskuppforsøk og høgforræderi, så det er veldig alvorleg, seier ho, og legger til dei tiltalte blir rekna som farlege personar.

Det betyr at dei sit i rom av skotsikkert glas, ikkje får ha fysisk kontakt med advokatane sine, og må kommunisere gjennom ein mikrofon.

Lite tyder på at konklusjonen vil kome i nær framtid, seier Dypvik til slutt.

– Dette er sikkert ei sak som vil bli ført til siste rettsinstans uansett.

SISTE NYTT

Siste nytt