Hopp til innhold

Global oppvarming kan overstige togradersmålet: – Vil få katastrofale konsekvensar

Verda er på full fart mot ei global oppvarming som vil bli langt meir enn to grader celsius, trur forskarar i ein fersk studie. Forskarane åtvarar om katastrofale konsekvensar.

Climate Change

Det vil bli 30-35 prosent mindre vatn i det sørlege Afrika og i middehavsområdet dersom temperaturen auker med 3 grader, trur forskarane.

Foto: Channi Anand / Ap

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Innan år 2100 kan temperaturen ha stige med mellom 2,9 og 3,1 grader, ifølgje nye data frå Climate Action Tracker (CAT), eit nytt verktøy som fire forskingsinstitusjonar har utvikla.

Oppvarminga kjem først og fremst av utilstrekkelege nasjonale tiltak for å bremse klimautsleppa.

Utsleppa er med det langt høgre enn det som må til for å bremse global oppvarming, viser studien.

56 land har levert klimamål

Klimamåla som landa så langt har gitt til FN, vil samla føre til at dei globale utsleppa vil ligge langt over dei nivåa som er naudsynte for å halde oppvarminga under 2 grader, heiter det i ei melding frå CAT.

Til no har 56 land levert sine nasjonale klimamål til FN. Når alle land har levert sine plikter, vil dette utgjere ryggrada i den nye klimaavtalen som etter planen skal vedtakast på klimatoppmøtet i Paris i haust.

Katastrofale konsekvensar

Forskarar har åtvara om at ei oppvarming på 3 grader vil få katastrofale konsekvensar.

  • Verdas matproduksjon kjem til å gå ned med opp mot 35 prosent
  • Havnivået vil stige med ein meter
  • 30–35 prosent mindre vatn i det sørlege Afrika og middelhavsområdet
  • Regnskogen i Amazonas kollapsar
  • Den arktiske tundraen, Grønland og polane smeltar.

Verda vil i tillegg truleg oppleve millionar av klimaflyktningar og lovlause tilstandar med menneske på jakt etter mat, ifølgje forskarane.

Is som smelter

Den arktiske tundraen, Grønland og polane vil smelte dersom temperaturen stig med 3 prosent, ifølgje forskarane.

Foto: JOHN MCCONNICO / AP

SISTE NYTT

Siste nytt