Hopp til innhold

Rapport: Palestinske fangar må amputere etter å ha sete bakbundne i vekevis

Mohammed sat bakbunden og med bind for auga i israelsk varetekt i over ein månad. Ein dag vakna han med amputert hand og fot, fortel han.

avkledde palestinarar med bind for augene på eit lasteplan

Palestinarar avkledde og med bind for auga nord på Gazastripa, 8. desember.

Foto: Moti Milrod/Haaretz / AP

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Palestina
34.535
Siste uke:
352
Israel
1460
Sist oppdatert: 30.4.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallet for antall drepte i Palestina er tall for Gaza. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. Ifølge tall som ble publisert 3. april av israelske myndigheter, har 260 israelske soldater blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

I slutten av januar var Norwac-lege Erik Fosse på Gazastripa for å arbeide på Det europeiske sjukehuset.

Der møtte han Mohammed, ein palestinsk mann i 70-åra, som hadde amputert både ei hand og ein fot. Men han aner ikkje kven som gjorde det eller når.

Mohammed fortel at han blei pågripen av Den israelske hæren då han evakuerte sørover på Gazastripa i november i fjor.

Hendene blei bundne og han fekk bind for auga. Soldatane frakta han ut av Gazastripa, men han veit ikkje kvar. Lenge trudde han at han var i ein kibbutz.

Mohammed fortel at augebindet ikkje blei fjerna før han blei lauslaten og var tilbake att i Gaza, om lag 45 dagar seinare.

Ein gong i løpet av desse dagane vakna han med amputert hand og fot.

Mohammed skjønte etter kvart at han var på eit slags sjukehus. Rundt han snakka alle hebraisk, men ingen snakka til han. Framleis med bind for auga.

Mest sannsynleg måtte han amputere som følge av skadane han fekk av å sitte lenge med bakbundne hender og føter.

Fosse fortel til NRK at amputasjonen vitna om å ha blitt utført av ein lege med godt utstyr.

Då Mohammed blei frakta tilbake til Gaza, fekk han med seg ei epikrise med stadfesting av amputasjonen, men ho var ikkje signert med namn, stad eller dato, fortel Fosse.

Les også Amnesty-rapport skildrer tortur av palestinske fanger

Interneringsleir sør i Israel

Tusenvis av palestinarar har blitt arresterte sidan krigen braut ut i oktober. Eit nøyaktig tal finst ikkje.

Mange av dei arresterte palestinarane på Gazastripa blir frakta til militærbasen Sde Teiman sør i Israel, ifølge ein rapport med ei kartlegging gjort av menneskerettsorganisasjonen Physicians for Human Rights Israel (PHRI).

Etter ei stund blir fangane anten sende til eit israelsk fengsel eller lauslatne og frakta tilbake til Gazastripa.

mann med bind for augene blir ført vekk av ein soldat

Ein palestinsk mann blir arrestert og ført til ein lastebil med bind for auga sør på Gazastripa, 19. november i fjor.

Foto: Mahmud Hams / AFP

Sde Teiman fungerer i dag som ein interneringsleir. Kartlegginga estimerer at han kan huse om lag 800 fangar. Det blir rapportert om systematisk vald, audmjuking og død.

Israels ambassade vil ikkje kommentere rapporten eller historia til Mohammed, men skriv dette i ein e-post til NRK:

«På generelt grunnlag vil vi kommentere at alle skal bli behandla rettferdig og få god fysisk behandling, uavhengig av om dei er i fengsel eller om dei er terroristar».

Bakbundne og bind for auga

Kartlegginga til PHRI skildrar fleire uverdige forhold i leiren.

Fangane har bind for auga under heile opphaldet, som på kort sikt fører til hallusinasjonar. Langsiktige konsekvensar er angst, depresjon, PTSD og rusmisbruk.

Dei blir tvungne til å knele frå klokka 7 om morgonen til 23 på kvelden. Hendene er bundne bak ryggen, tidvis lenka til gjerde.

Å bli fysisk avgrensa i lang tid fører til nerveskadar, nedsett funksjonalitet, psykiske problem og i verste til død, heiter det i rapporten.

Les også Bilder som skal vise palestinske fanger sprer seg: Strippet og bakbundet

30 til 40 menn sitter avkledd på kne. Ni uniformskledde menn står bak dem.

Bakbunden i bleie

På militærbasen er det også sett opp eit feltsjukehus, ettersom dei offentlege sjukehusa i Israel ikkje ønsker å gi behandling til «potensielle terroristar».

Feltsjukehuset er bemanna av ein overlege og medisinske fagfolk henta frå Israels militære reserveteneste. Alle er anonyme.

Den israelske avisa Hareetz har lese eit brev skrive av ein israelsk lege som har arbeidd på feltsjukehuset i Sde Teiman, adressert til Israels helseminister og forsvarsminister.

Han skriv at både hendene og føtene til fangane blir bundne, heilt uavhengig av kor farlege fangane blir rekna som.

Avkledde menn sitter på kne på rekke. Uniformskledde soldater står ved siden av.

Avkledde menn sit på kne, uniformskledde soldatar står ved sida av. Biletet er tatt i Gaza, men tidspunktet er ikkje stadfesta.

Foto: AP

Dei som sit lenka fast, må bruke bleie, fortel han, noko IDF bekreftar til Hareetz.

Over halvparten av fangane som blir sende til feltsjukehuset, kjem på grunn av skadar dei har fått av å sete for lenge med handjern.

– Berre denne veka måtte to fangar amputere føtene sine på grunn av skadar, som dessverre er ei rutinemessig affære, skriv legen i eit brevet.

Eg meiner det er tortur

I PHRI-rapporten kjem det fram at fangane også får sjukehusbehandling med bind for auga og i handjern. Menneskerettsorganisasjonen meiner det er ei dehumanisering av palestinske fangar.

Helsepersonellet i leiren er ikkje pålagde å rapportere om mistanke om vald eller tortur, som er i strid med FNs standardar og etiske prinsipp i helsevesenet.

Fangane ved feltsjukehuset får heller ikkje vite kven som behandlar dei eller kva dei blir behandla for.

Det fortel direktør i PHRI, Hadas Ziv, til NRK. Ho er særleg kritisk til måten fangane blir behandla på når dei er i varetekt.

– Når dei er i cellene sine og ikkje på sjukehus, kvifor må dei då ha bind for auga og vere bundne? Eg meiner det er tortur.

Den israelske menneskerettsorganisasjonen går ut med kartlegginga med mål om å opplyse Israels helsevesen om kva som skjer på feltsjukehuset. Dei ber om at sjukehuset blir halde utanfor straffesystemet, noko som ikkje er situasjonen i Sde Teiman.

– Det øydelegg funksjonen til ein lege, som er å redde liv. Og ikkje berre sørge for at pasienten overlever, men også sørge for menneskelegdom og verdigheit.

– Eg meiner det er ei audmjukande behandling dei får. Eg ser ikkje korleis ein kan rettferdiggjere det, seier Ziv.

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 14 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.