Hopp til innhold

Redda livet ved å kjøpe konserteffektar

MANCHESTER (NRK): Elaine og dottera Jade skulle til å forlate konserten, og var på veg rett mot gjerningsmannen. I siste liten bestemte dei seg for å kjøpe konserteffektar. Det redda truleg liva deira.

Jane and Elaine

TAKKSAME: Elaine Steele og dottera Jade legg ned blomar til minne om offera etter angrepet på måndag. Sjølve vare dei berre få meter frå då bomba gjekk av.

Foto: Johan Bull / NRK

– Det er ufatteleg å tenkje på kva som kunne ha vore, seier Jade Steele.

Saman med mora Elaine har ho kome til St Peter's Square for å leggje ned blomar og vise respekt for dei som vart drepne i åtaket på måndag.

Dei var sjølve på konserten. Dei var nær ved å gå ut i foajeen, men ombestemte seg. Jade ville kjøpe eit minne frå konserten, og dei to gjekk mot kiosken der dei selde konserteffektar.

I det dei kom til kiosken gjekk bomba av.

– Det var som eit jordskjelv, heile bygninga rista. Vi snudde oss, såg flammane og kjende at det lukta brent, forklarar Elaine.

– Eg hugsar skrika. Og ei dame som var dekt av blod i ansiktet og i håret. Eg trudde eg kom til å bli skoten, eg trudde eg skulle døy, seier Jade.

Mora tek eit godt tak i handa til dottera. Ho blir skjelven når ho tenkjer på kor nære dei var.

– Hadde vi ikkje gått til kiosken, hadde vi ikkje vore her i dag.

St Peters square Manchester

TIL MINNE: Folk i Manchester viser støtte og solidaritet ved å leggje ned blomar og tenne lys fleire stadar i byen.

Foto: Johan Bull / NRK

Høg beredskap

Både i Manchester og i resten av Storbritannia er trugselnivået på det høgste. Det betyr at styresmaktene fryktar at det kan kome eit nytt åtak om kort tid.

Landet har sett i verk ei kriseplan, og har plassert ut soldatar i gatene. Saman med store politistyrkar skal dei hindre at det skjer fleire åtak.

– Om vi må sjå væpna soldatar i gatene så er ikkje det noko problem, seier Elaine, som meiner Storbritannia har eit godt tryggingsnettverk, som gjer det dei kan for å sikre innbyggjarane.

Ei siste helsing

Brev til etterlatte Manchester

HELSING: Jade Steele har skrive eit brev til dei som vart drepne under konserten.

Foto: Espen Aas / NRK

«Smil og syng til vi møtast igjen» skriv Jade på eit kvitt papirhjarte. Ho vil skrive til dei som mista livet under angrepet, men orda er vanskelege å finne.

Medan ho skriv er det mange som stoppar opp. Dei er gjerne på veg til eller frå jobb, men tar seg tid til å tenne eit lys. Dei tar seg tid til å tenkje og reflektere.

SISTE NYTT

Siste nytt