Hopp til innhold

Midtausten-konflikt gir dyrare olje

Den diplomatiske striden mellom Saudi-Arabia og Iran får oljeprisen til å stige. Marknaden fryktar spenninga i Midtausten kan truge leveransen av olje.

Oljeraffineri i Saudi-Arabia

Konflikten mellom Iran og Saudi-Arabia har gjort oljen dyrare.

Foto: ALI JAREKJI / Reuters

Oljeprisen gjorde eit lite hopp måndag morgon. Nordsjøolje for levering i februar vart omsett for 38,19 dollar fatet. Det er 91 cent høgare enn før helga.

– Asiatiske marknadar reagerer og fryktar at geopolitiske spenningar i Midtausten kan truge leveransane av olje, seier oljeanalytikaren Bernard Aw hos OG Markets i Singapore ifølgje NTB.

Kastar ut diplomatar

I helga braut Saudi-Arabia dei diplomatiske sambanda til Iran. Saudi-Arabia trekkjer ut sin ambassadør til Iran, og har samstundes gitt iranske diplomatar to døgn på å komme seg ut av landet.

Dette skjer etter at demonstrantar storma Saudi-Arabias ambassade i Teheran, i protest mot at styresmaktene avretta ein sjiamuslimsk skriftlærd. Sjeik Nimr al-Nimr og 46 andre vart avretta laurdag etter å ha vore skulda og dømde for terrorisme.

«Strategisk feil»

Iran meiner Saudi-Arabia har teke ei forhasta avgjerd, og seier at Saudi-Arabia har gjort ein strategisk feil.

IRAN-US-NUCLEAR-KHAMENEI

Irans øvste leiar, ayatolla Ali Khamenei, brukar harde ord mot styresmaktene i Saudi-Arabia.

Foto: - / Afp

– At Saudi-Arabia kuttar dei diplomatiske band til Iran vil ikkje skugge for den «store feilen» dei gjorde ved å avrette ein sjiamuslimsk geistleg, seier Irans viseutanriksminister Hossein Amir Abdollahian til IRNA, Irans statlege nyheitsbyrå.

Irans øvste leiar ayatolla Ali Khamenei har òg langa ut mot Saudi-Arabia etter avrettingane. Han sa at den saudiarabiske politikarar vil bli ramma av ei guddommeleg straff, og at avrettinga av Nimr vil vise seg å vere eit stort politisk feilsteg.

Fryktar meir spenning

Iran har trappa opp ordkrigen med erkerivalen Saudi-Arabia og skuldar kongedømmet for bevisst å nøre opp under konflikten i regionen.

– Saudi-Arabia ser seg tent med at spenninga held fram, seier ein talsmann for utanriksdepartementet i Teheran.

Forholdet mellom dei to landa har lenge vore anstrengt, mellom anna på grunn av Irans atomprogram og iranarane som omkom under pilegrimsreisa Hajj i 1987 og 2015.

USA er redde for at uroa kan spreie seg til andre land i regionen, og har oppmoda både Iran og Saudi-Arabia til å halde fram med det diplomatiske engasjementet.

Neppe varig

Sjølv om spenninga i Midtausten har gjort oljen litt dyrare trur ikkje oljeanalytikaren på noko varig prisauke. Han viser til at produksjonen overgår etterspurnaden.

– Så sant vi ikkje ser eit overbevisande fall i produksjonen frå desse to landa, og frå dei andre oljeprodusentane, så vil overproduksjonen halde fram. Det betyr at oljeprisen vil vere under press i lang tid framover, seier han.

Saudi-Arabia er den største oljeprodusenten innan Organisasjonen av oljeeksporterande land (OPEC), som ikkje har vist noko vilje til å la pumpene kvile for få opp prisen.

OPEC-landa står i dag for om lag ein tredel av oljeproduksjonen i verda.

SISTE NYTT

Siste nytt