Søndag kveld kom avtalen i boks – ein avtale som sikrar at føderale styresmakter tar rekninga for tryggingstiltaka rundt presidentfamilien i New York. New York får tilbake det dei har lagt ut for å sikre Trump og familien i Trump Tower på Manhattan.
New York og andre byar og statar som har vore vertskap for presidenten får tilbake i alt 523 millionar kroner ifølgje budsjettavtalen.
Representantar for Palm Beach i Florida, der Trump sin private klubb Mar-a-Lago ligg, har også bedt om hjelp til å dekke utgifter til tryggingstiltaka rundt presidenten.
– Godt nytt for New York
– Vi får det vi har rett på, sa borgarmeisteren i New York, Bill de Blasio måndag, ifølgje Reuters.
– Det er godt nytt for byen vår og for dei hardtarbeidande politifolka våre som har fått denne heilt spesielle utfordringa, sa han.
Han og politisjef James O'Neill har i fleire månader hatt tett kontakt med kongressrepresentantar frå New York for å få på plass avtalen, sa han.
Kongressen vil truleg godkjenne avtalen i slutten av veka.
- Les også:
Avtalen omfattar vel 170 millionar kroner for utgifter mellom valdagen i fjor og innsetjinga i januar i år, og rundt 350 millionar etter dette.
Inndekkinga kjem i tillegg til 60 millionar som blei sett av til det same formålet sist haust.
Enorme utgifter
Politiet i New York bruker mellom ein og 1,2 millionar kroner kvar dag på å passe på førstedame Melania Trump og presidentparet sin son Barron når presidenten sjølv ikkje er i byen.
Kostnadene aukar til rundt 2,6 millionar kroner dagen når Donald Trump er på plass, opplyser borgarmeisteren sitt kontor.
– Urimeleg
Heimen deira ligg på toppen av den 58 etasjar høge skyskraparen midt i eit populært turistområde på Fifth Avenue.
– Vi handterer gjerne presidentbesøk i byen, men kan ikkje ta på oss faste kostnader til å sikre presidentfamilien i Trump Tower. Det er eit ansvar for føderale styresmakter, seier borgarmeister Bill de Blasio.
– Det er heilt bak mål å forvente at lokalt politi skal bere ekstraordinære utgiftene til å verne den amerikanske presidenten, seier kongressrepresentant Carolyn Maloney, som var med på å dra avtalen i land.