Hopp til innhold

Storbritannia hevar trusselnivået til høgste nivå

Storbritannia hevar beredskapsnivået frå alvorleg til kritisk. Det betyr at eit nytt terrorangrep kan kome i løpet av kort tid, seier statsminister Theresa May.

Theresa May.

Statsminister Theresa May fryktar at eit nytt terrorangrep kan kome i løpet av kort tid. Her skriv ho i minneprotokollen for dei som miste livet i angrepet i Manchester.

Foto: Ben Birchall / AFP

Theresa May varslar at soldatar no blir utplasserte i landet for å assistere politiet.

– Vi kan ikkje ignorere at fleire personar kan vere knytte til angrepet i Manchester i går kveld, sa Theresa May i ein tale i kveld. Det betyr at det er stor fare for at eit nytt angrep kan kome i løpet av kort tid.

5000 soldatar

Viser si støtte til Manchester.

Over heile Storbritannia har i dag folk vist si støtte til innbyggjarane i Manchester etter terroren måndag kveld.

Foto: Oli Scarff / AFP

22 menneske vart drepne og over 50 vart såra i ein sjølvmordsaksjon mot ein konsert i Manchester Arena måndag kveld. Politiet meiner det var 22 år gamle Salman Abedi som sprengde seg sjølv i lufta like etter at konserten med den amerikanske artisten Ariana Grande var slutt.

Det er uklart kvar i Storbritannia soldatane blir utplasserte, men det er grunn til å tru at det blir i dei største byane, og ved større sportsarrangement og konsertar. Det er i første omgang snakk om rundt 5000 soldatar.

Politiet har opplyst at ein 23 år gammal mann er arrestert i saka, og følgje fleire meldingar er dette broren til Salman Abedi. Politiet har ikkje stadfesta at to andre også er gripne, slik fleire aviser og fjernsynsselskap har meldt.

– Førsteprioritet for politiet no er å finne ut om gjerningsmannen handla åleine, eller om at han var del av eit nettverk, seier polititalsmann Ian Hopkins ved Manchester-politiet.

Politifolk på Trafalgar Square.

Store politistyrkar er utplasserte i sentrum av London etter terrorangrepet i Manchester. Her frå Trafalgar Square.

Foto: Daniel Leal-olivas / AFP
Markering i Manchester.

Fleire tusen menneske møtte fram til ei minnemarkering for terroroffera i Albert Square i Manchester tysdag.

Foto: Emilio Morenatti / AP

Ransaka hus

Det er uklart om britiske styresmakter no har konkrete opplysningar om at det er eit nytt terroranslag i emning, eller om det er ei vurdering om at situasjonen er så usikker at det er naudsynt å heve trusselnivået.

Manchester-politiet ransaka i dag huset der Salman Abedi har budd. Det er uklart om han har bygd bomba der, eller om det har skjedd ein annan stad. Politiet har opplyst at han reiste med tog frå London til Manchester kort tid før udåden i går kveld.

Blomsterhav i Manchester.

Mange la ned blomar og helsingar under samlinga på Albert Square i Manchester tysdag.

Foto: Oli Scarff / AFP

Abedi er fødd i Storbritannia, medan foreldra kom frå Libya som flyktningar frå Gaddafi-regimet. Han hadde ein bror og ei syster. Folk frå det libyske miljøet i Manchester fortel at Salman Abedi og broren gjekk fast i Didsbury-moskeen i byen, og at begge to kunne koranen på rams.

Overvakingsvideo

Ein talsmann for Didsbury-moskeen seier at faren og broren hans gjekk fast der, medan Salman sjølv brukte ein annan moske. Fleire kjelder fortel at familien har reist ein del mellom Libya og Storbritannia sidan Gaddafi-regimet vart styrta.

Politiet skal ha sikra seg ein overvakingsvideo av det som skal vere Salman Abedi i det han gjekk inn i Manchester Arena like før bomba vart utløyst. The Guardian melder at filmen viser at eksplosjonen vart utløyst med vilje, og at gjerningsmannen oppbevarte bomba i ein bag.

Bomba blir skildra som heimelaga og primitiv. Terrororganisasjonen IS har teke på seg skulda for angrepet i Manchester, men det er uklart om Abedi har handla på ordre frå organisasjonen.

Samlast til minne om offera

SISTE NYTT

Siste nytt