Hopp til innhold

– Trump roste Duterte for effektiv narkopolitikk

USAs president Donald Trump gratulerte i ein telefonsamtale 29. april sin filippinske kollega Rodrigo Duterte for å gjere ein «utruleg jobb med narkotikaproblemet», melder New York Times.

PHILIPPINES DUTERTE ANTI CRIME WAR Philippines President Rodrigo Duterte said his next targets are narco-politicians

Ifølgje Reuters er 9000 menneske drepne i kampen mot narkotika etter at Rodrigo Duterte vart innsett som president i fjor.

Foto: STR / Epa

Duterte har fått sterk internasjonal kritikk for å ha oppmoda politiet til å bruke hardhendte metodar mot både brukarar og seljarar. Nesten 9000 menneske , ifølgje Reuters, mange av dei småskala brukarar og seljarar, er drepne sidan Duterte overtok som president 30. juni i fjor.

Politiet seier at ein tredel av desse vart skotne av politifolk i sjølvforsvar under heilt legitime aksjonar mot narkotikahandel. Duterte sjølv har offentleg skrytt av å ha teke livet av folk .

– Ein flott jobb

– Mange land har problem med narkotika. Vi har eit problem, men du gjer ein flott jobb. Eg ville berre ringje deg og seie det, sa Trump til Dutarte, ifølgje ei utskrift av samtalen New York Times har fått tak i.

En kvinne holder rundt en mann som er blitt drept i krigen mot narkotika på Filippinene

Ei filippinsk kvinne held rundt ein mann som er drepen i krigen mot narkotika i landet.

Foto: CZAR DANCEL / Reuters
USS Michigan i Sør-Korea

Atomubåten USS Michigan fotografert i Busan i Sør-Korea 25. april i år.

Foto: Jo Jung-ho / AP

I samtalen diskuterte dei to også Nord-Korea. Trump omtalte den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un som «ein galning med atomvåpen».

- Vi har mykje våpen, meir enn han har, truleg 20 gonger meir, men vi vil ikkje bruke dei, sa Trump, ifølgje utskrifta. Trump spurde også Duterte om han trudde Kim Jong-un var stabil eller ikkje.

– Kim har eit farleg leiketøy i hendene sine, som kan skape så mykje smerte og liding for heile menneskeslekta, sa den amerikanske presidenten blant anna.

Duterte beklager overfor jødene

Politimann i dødsskvadron: - Eg er ein engel

To atomubåtar

Trump fortalde også at USA har sendt to atomubåtar til området utanfor Nord-Korea, for å delta i ei øving saman med dei to hangarskipa landet har der.

Han sa også at han håpa Kina ville ordne opp, og han oppmoda Duterte om å be president Xi Jinping om å leggje press på Nord-Korea.

– Eg håpar Kina løyser problemet. Dei har midla til å gjere det, sidan ein stor del av varene deira kjem derfrå. Men om ikkje Kina gjer det, så gjer vi det, sa Trump.

Trump inviterte også Duterte på besøk til Det kvite hus.

– Alvorleg talt. Dersom du vil ta deg ein tur, så berre sei frå. Ta vare på deg sjølv, så skal vi ta oss av Nord-Korea, la han til.

Duterte har seinare sagt at det er usikkert om han har tid til å reise til USA .

– Lurt å be om råd før man ringer

Duterte vil kaste korrupsjonsmistenkte ut av helikopter

SISTE NYTT

Siste nytt