Hopp til innhold

Trumps svigerson vitnar for Senatets etterretningskomité

Donald Trumps seniorrådgivar og svigerson Jared Kushner startar måndag to dagar med høyring bak lukka dører i Kongressens etterretningskomitéar i samband med Russland-granskinga.

Jared Kushner

Jared Kushner vitnar for etterretningskomiteane i Kongressen denne veka.

Foto: Evan Vucci / AP

Kushner skal møte etterretningskomiteen i Senatet måndag, og tilsvarande komité i Representantanes hus tysdag. Han treng ikkje å gi frå seg eid før høyringa, ifølge Washington Post.

Paul J. Manafort som tidlegare leia Trump-kampanjen, og Donald Trump jr. skulle etter planen bli høyrde onsdag, men er no i forhandling om vilkåra, og skal heller bli intervjua privat i første omgang.

Høyringane kjem som ei følge av avsløringane om at dei tre deltok på eit møte med ein russisk advokat i fjor sommar der dei skal ha blitt lova opplysningar som kunne skade Hillary Clintons kampanje.

Kushner sine russiske kontaktar

Kushner vil også måtte svare på spørsmål om det stemmer at han prøvde å setje opp ein hemmeleg bakkanal til Moskva, i tillegg til omfattande kontakt med ei rekke politiske og økonomiske leiarar i Russland både i løpet av valkampen og i overgangsperioden før Trump tok over presidentembetet.

– Vi har mykje å dekke, sa Adam Schiff, demokratanes leiar i etterretningskomiteen i Representantanes his. til CBS' Face the nation, søndag.

Kushner gav opp ikkje i utgangspunktet desse kontaktane på skjema han måtte fylle ut for å få sikkerheitsklarering i Det kvite hus, men skal seinare ha redigert desse.

Avisa Guardian har etterforska og funne fleire band mellom russisk kvitvasking av pengar, eigedomshandel i New York og medlemmer av Trumps inste sirkel. Måndag kom dei med nye avsløringar som involverer Kushner. Han skal ha kjøpt deler av den gamle New York Times-bygningen frå ein russisk oligark som no blir etterforska av Kongressen.

Donald Trump Jr.

Donald Trump. og dei to andre fekk ingenting ut av møtet med den russiske advokaten, som Trump jr. her fortel programleiar Sean Hannity på Fox News 11.juli. Likevel har e-post-utvekslinga mellom Donald Trump jr. og han som arrangerte møtet har styrka mistankane om samrøre mellom Trump-kampanjen og Russland.

Foto: Richard Drew / AP

Trump: – Ei politisk heksejakt

I motsetnad til fleire av sine partifellar er Trump framleis ikkje overtydd om at det var russisk innblanding i valet, og kallar Russland-etterforskinga, som går lenger og skal granske mogleg samrøre mellom kampanjen hans og Russland, ei heksejakt. Søndag gjekk han ut på Twitter og sa at han var skuffa over det han ser som sviktande støtte frå Republikanarane.

Laster Twitter-innhold

Torsdag skreiv Washington Post at Trump har undersøkt moglegheitene for å benåde seg sjølv og sine nærmaste medarbeidarar. Trumps advokat nyanserte utsegna søndag, og sa dette ikkje er noko Trump vurderer, men at han berre stadfestar rettane sine.

Samtidig varsla Det kvite hus at Trump kan kome til å godta ei ny lov som seier at han ikkje kan fjerne sanksjonar mot Russland på eiga hand.

Dette kjem etter skepsis frå begge partia til Trumps vennlege innstilling til Moskva, skriv New York Times, som legg til at dersom dette skjer vil det vere første gong Kongressen, der Republikanarane har fleirtal, har overkøyrt Trump i ei større sak.

  • Les også: – Presidenten har et av de beste instinktene i verden
    Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt