Hopp til innhold

Tyrkisk politi skaut gummikuler mot homoparade i Istanbul

Styresmaktene i Istanbul hadde på førehand lagt ned forbod mot homoparaden denne helga. Men søndag hadde mindre grupper av aktivistar samla seg på Taksimplassen.

Politiet skaut gummikuler på aktivistane i Istanbul

AKSJON: Tyrkisk politi skaut gummikuler mot deltakarane i homoparade i Istanbul.

Foto: Murad Sezer / Reuters

For å hindre at pride-paraden vart gjennomført i Istanbul aksjonerte tyrkisk politi mot aktivistane.

Fleire av gatene som fører inn til plassen var sperra av, og eit stort politioppbod var på plass, mellom anna utstyrt med vasskanonar og gummikuler.

Politiet stoppet prideparaden i Istanbul

Mange hadde trassa forbodet frå styresmaktene og samla seg for å delta i homoparaden i Istanbul.

Foto: Murad Sezer / Reuters

Desse verkemidla blei nytta umiddelbart for å bryte opp paraden. Rundt 40 gummikuler vart fyrt av mot aktivistane, ifølgje AFP.

Paraden skulle etter planen starte på Taksimplassen i Istanbul, og gå langs Istiklal-aveny. Men for tredje år på rad, har tyrkiske styresmakter valt å legge ned forbod mot paraden.

«Taksimplassen og området rundt er ikkje på lista over plassar som er godkjende for møter og demonstrasjonar», heiter det i ei fråsegn.

Kontoret til borgarmeisteren seier at dei også har fått fleire alvorlege reaksjonar om paraden, og at dette er ein av grunnane til at den er avlyst. Dei seier at forbodet skal verne deltakarar og turistar, samt sikre ro og orden.

Fleire har reagert på politiets behandling av aksjonistane på Sosiale medium.

Laster Twitter-innhold

Trugslar

Tidlegare denne veka sa ei gruppe frå ytre høgre, som har tilknyting til eit ultra-nasjonalistisk politisk parti, at dei ville stanse den planlagde paraden. Det skal dei gjere uansett om ordføraren gav grønt lys eller ikkje.

Tyrkiske LHBTI-aktivistar lovar at dei, trass i truslane, ikkje vil gi opp planane om å arrangere paraden på søndag.

Vasskanoner homoparade Istanbul

STOPPA: I 2015 vart paraden i Istanbul stoppa av politiet, som brukte både tåregass og vasskanonar mot aktivistane.

Foto: Stringer/turkey / Reuters

Paraden hadde funne stad kvart år i over eit tiår, inntil den i 2015 vart stansa av politiet med tåregass og vasskanonar.

I 2014 deltok nær 100 000 menneske i paraden, og var ein av det største markeringane for LGBTI-rettar til i den muslimske verda, skriv NBC News.

I år fell paraden samtidig med id-feiringa, som markerer slutten på ramadan-månaden.

SISTE NYTT

Siste nytt