Hopp til innhold

Tysk råd til Trump: – Lag betre bilar

Tysklands visekanslar Sigmar Gabriel seier at amerikansk bilindustri kan vakne opp til ein skikkeleg blåmåndag, dersom det blir innført straffetoll på tyske bilar i USA.

Sigmar Gabriel (t.v.) og Donald Trump.

Tysklands finansminister og visekanslar Sigmar Gabriel

Foto: Timothy A. Clary Tobias Schwarz / AFP

I eit intervju med tyske Bild og britiske Times truar USAs påtroppande president med å innføre ein straffetoll på 35 prosent av tyske bilar som blir importerte til USA. Han seier i intervjuet at det er ei stor skeivfordeling mellom USA og Tyskland når det gjeld bilar.

– Om du går ned Fifth Avenue i New York ser du ein Mercedes utanfor kvart hus. Kor mange Chevrolet-ar finn du i Tyskland? Ikkje så mange, kanskje ingen, dette går berre ein veg, sa Trump blant anna i intervjuet.

– Lag betre bilar

Visekanslar og finansminister Sigmar Gabriel har berre eitt råd å kome med til Trump for å få ei meir lik fordeling.

– Lag betre bilar, seier han.

Angela Merkel.

Forbundskanslar Angela Merkel er ikkje heilt nøgd med Donald Trumps trussel om 35 prosent straffetoll på tyske bilar.

Foto: Michael Sohn / AP

Han peikar på den amerikanske bilindustrien er heilt avhengig av delar frå den andre sida av Atlanterhavet, og at ein straffetoll vil gjere amerikanske bilar både dyrare og dårlegare.

Sigmar Gabriel, som også er leiar for Det sosialdemokratiske partiet i Tyskland, minner også om at den største fabrikken til den tyske bilprodusenten BMW, faktisk ligg i Spartanburg i den amerikanske delstaten Sør-Carolina.

Aksjeverdien for BMW, Daimler (Mercedes) og Volkswagen fall i dag tidleg etter at Trump trua med straffetoll på 35 prosent på tyske bilar.

Bekymrer seg over Trumps uttalelser

Times: Trump vil ha atomvåpen­avtale med Russland

– Katastrofal tabbe

I Intervjuet med Bild og Times rettar også Donald Trump hard kritikk mot forbundskanslar Angela Merkel, som han seier har gjort ein katastrofal tabbe ved å sleppe så mange illegale migrantar inn i Europa.

Sigmar Gabriel seier i ein kommentar at mange av dei som har flykta frå Midtausten til Europa, har gjort det på grunn av amerikansk militær intervensjon har er ei av årsakene til at situasjonen der er så ustabil.

BMW-fabrikk i Spartanburg i Sør-Carolina.

BMW har ein stor fabrikk for BMW X3 i Spartanburg i Sør-Carolina.

Foto: Chris Keane / Reuters

– Det er ein samanheng mellom den amerikanske intervensjonspolitikken og flyktningkrisa, og derfor er rådet mitt at vi i staden for å fortelje kvarandre kva den andre sida gjer feil, så bør vi saman burde gjere det vi kan for å stabilisere situasjonen der slik at flest mogleg kan vende heim, seier han til den britiske avisa The Guardian .

Amerikanske medier spekulerer på om Trump skal sparke ut media

CIA-direktør ber Trump tenke seg om før han snakker

– I våre hender

Angela Merkel sjølv sa dette i ein kort kommentar på ein pressekonferanse i dag tidleg:

– Vi europearar har lagnaden i våre eigne hender. Trump har sagt det han meiner enno ein gong. Vi har visst kva han meiner, og kva eg meiner om dette er også kjent.

Angela Merkel har tidlegare sagt at ho vil samarbeide med Donald Trump basert på dei felles verdiane av demokrati, fridom og respekt for lova og respekt for alle menneske, uavhengig av opphav, hudfarge, religion, kjønn, seksuell orientering og politisk syn.

SISTE NYTT

Siste nytt