Hopp til innhold

– Det dummaste Trump kan gjere er å fjerne Mueller

Donald Trump meiner at spesialetterforskar Robert Mueller har for tette band til den sparka FBI-sjefen James Comey. Men Trump har lite å vinne politisk ved å fjerne Mueller, meiner USA-kjenner.

James Comey, Robert Mueller

VENSKAP: President Donald Trump seier at det er brysamt at dei to tidlegare FBI-direktørane Robert Mueller (t.v.) og James Comey (t.h.) er vener.

Foto: Susan Walsh / AP

Donald Trump

Donald Trump har så langt ikkje svart direkte på spørsmålet om han meiner Robert Mueller bør trekkje seg.

Foto: Andrew Harnik / AP

– Han er veldig god ven med Comey, noko som er veldig plagsamt, sa Donald Trump i eit intervju med Fox News.

Spesialetterforskaren Robert Mueller skal granske om Russland har påverka det amerikanske valet i fjor haust.

Som ein del av jobben skal Mueller også undersøkje om Trump har prøvd å hindre etterforskinga, då han gav den tidlegare FBI-direktøren James Comey sparken.

Kan ikkje sparke Mueller

Fleire av dei som støttar Trump har den siste veka gått ut og sagt at dei meiner Mueller bør trekkje seg frå etterforskinga.

Comey og Mueller er begge tidlegare FBI-direktørar. Trump har fleire gongar sagt at dei to også er nære vener, og at dette er uheldig.

– Vi får vente og sjå, svarte Trump, då han fekk spørsmål om han meiner at Mueller bør trekkje seg.

– Dette svaret viser at Trump ikkje er særleg nøgd med etterforskinga, meiner rådgjevar i Civita, Eirik Løkke.

Han legg til at sjølv om Trump gjerne skulle sett at Mueller gjekk av, kan ikkje presidenten sjølv gi Mueller sparken. Det er det eventuelt USAs visejustisminister Rod Rosenstein som må gjere, noko Rosenstein har sagt er uaktuelt.

Trur Mueller sit trygt

Portrett i sort/hvitt av Eirik Løkke med briller

Eirik Løkke er seniorrådgjevar i Civita, og har god kjennskap til amerikansk politikk.

Foto: Civita

Skulle Trump likevel velje å prøve å fjerne både Mueller og Rosenstein, vil dette stå fram som merkeleg, sjølv for republikanarane, meiner Løkke.

– Truleg vil Kongressen utnemne ein eigen spesialetterforskar, gjerne Mueller, som skal fortsette granskinga. Derfor er det kanskje noko av det dummaste Trump kan gjere i denne situasjonen.

Løkke meiner at eit slikt scenario ville hatt fleire parallellar til Watergate-skandalen.

– President Richard Nixon ønskte å fjerne spesialetterforskaren Archibald Cox, men både justisministeren og visejustisministeren nekta å utføre ordren. Dermed måtte Nixon fleire ledd nedover i systemet før han fann nokon som var villig til gi Cox sparken, forklarar Løkke.

Laster Twitter-innhold

Ein av dei som trur det er best at Mueller får halde fram i jobben, er den tidlegare sjefen av etikkrådet i Det kvite huset i Washington, Richard Painter.

Skulle Mueller bli fjerna, meiner Painter at det vil føre til «større hindring av rettferd».

– Det er rett og slett vanskeleg å sjå føre seg, men Trump har nærmast oppheva den politiske tyngdelova før, så heilt sikker kan ein aldri vere, avsluttar Løkke.

Laster innhold, vennligst vent..