Nyeste innslag i bloggen
LØRDAG, 11 APRIL, 2009
Sound of silence...
Det er blitt lenge sidan sist eg skreiv her no, men no har eg litt å skriva om.
Fyrst og framst er eg no komen i lokalavisa, Bygdanytt, saman med den eksellente hardingfelespelaren Brage, då me framførte nok ein folkmetall-instrumental på musikkskulen sin årlege vårkonsert. Dette året med hardingfele, og namnet på songen er "Lindisfarne." Bygdanytt har her gjort eit par små blundrar og skrive at
me heiter "Lindesfarne," men dette er altså ikkje heilt korrekt. Instrumentalen skal snart lastast opp på Urørt under Forn Fræði-prosjektet (som forresten treng eit meir søkbart namn - forslag takast gjerne imot), og eg planleggjer å leggja ut eit videoklipp av framføringa av songen, på YouTube. No berre håpar eg at dette dukkar opp om nokon googlar Lindesfarne, og så skjønar sikkert folk greia.
Dei som har litt kunnskap og legg saman to og to med tanke på overskrifta, skjønar sikkert kva eg høyrer på for tida. Til metallhovud å vera, tykkjer eg Simon & Garfunkel var rimeleg geniale. Vokalharmoniar har no fått meg til å tenkja i lange baner, og produksjonen av det som no blir den fyrste Landsverk-
plata tek nok eit steg framover. No har me seks spor, fleire kjem, og me får teke materialet opp med mikrofon og ljodkort. FRAMHALD!
Posta av Skarphedinn klokka 16:19
Se alle innlegg i bloggen