Hopp til innhold

135 terrormistenkte arresterte i Saudi-Arabia

Saudiarabiske styresmakter seier dei har arrestert 135 personar for brot på antiterrorlovene. 26 av dei er utanlandske statsborgarar. Aksjonen er truleg retta mot Den islamske staten (IS).

Krigere fra terroristorganisasjonen IS

Arrestasjonane i Saudi-Arabia har truleg samanheng med Den islamske staten (IS) sine truslar mot landet.

Foto: Ap

Talsmann for innanriksdepartementet, general Mansour al-Turki seier til det offisielle saudiske nyheitsbyrået SPA at dei 135 er arresterte for «fleire forsøk på å skade tryggleiken og stabiliteten i landet». Talsmannen gav ingen opplysningar om når arrestasjonane skjedde.

40 av dei arresterte skal ha reist til konfliktsoner, blitt med i ekstremistgrupper og delteke i våpentrening, før dei har kome tilbake til Saudi-Arabia for å destabilisere landet, heiter det.

Peikar på IS

Baghdadi

Leiaren for IS, Abu Bakr al-Baghdadi, har trua med at Saudi-Arabia aldri skal oppleve tryggleik eller kvile.

Foto: Uncredited / Ap

Eit ikkje oppgitt tal andre skal ha vore involverte i finansiering, rekruttering, propaganda og våpenproduksjon for ekstremistgrupper. Det er truleg IS det blir sikta til.

17 av dei arresterte blir skulda for å ha delteke i angrep mot tryggingsstyrkar i Awamiya, eit sjiadominert område i ein austleg provins vest for byen Dammam. Awamiya har vore åstad for samanstøytar mellom tryggingsstyrkar og sjia-demonstrantar.

Mansour al-Turki sa også at det er 16 syriske statsborgarar blant dei arresterte, saman med tre frå Jemen, ein frå Egypt, ein frå Libanon, ein frå Afghanistan, ein frå Etiopia, ein frå Bahrain og ein statslaus person.

– Aldri meir tryggleik

Arrestasjonane kjem samstundes som Saudi-Arabia, saman med Dei sameinte arabiske emirata, Jordan og Bahrain, tek del i luftangrep mot terrororganisasjonen Den islamske staten (IS) i Syria.

Som vaktar av dei viktigaste islamske heilagdomane er Saudi-Arabia rekna som eit viktig mål for IS, som ynskjer å etablere eit islamsk kalifat i heile Midtausten.

Sist veke vart det lagt ut på ei islamistisk nettside, som skal vere knytt til IS, ein video som skal vise attentatet på ein dansk statsborgar i den saudiarabiske hovudstaden Riyadh, opplyser USA-baserte SITE Intelligence Group.

På same videoen skal IS-leiaren Abu Bakr al-Baghdadi vere med. Han truar med at leiarane i Saudi-Arabia aldri igjen skal få oppleve tryggleik eller kvile.

LES OGSÅ: – Vi er ikkje eit fritt land

LES OGSÅ: Britisk avis hevder IS-bøddel er såret

USA-leidd koalisjon

Danske styresmakter har stadfesta at ein dansk statsborgar vart skoten og såra i Riyadh 22. november i år.

Ei veke etter at den danske statsborgaren vart skoten, vart ein kanadisk statsborgar knivstukken og såra i eit kjøpesenter i byen Dhahran ved Persiabukta. Både Danmark og Canada er med i den USA-leidde koalisjonen som kjempar mot IS i Syria og Irak.

Ein rådgjevar for den saudiske regjeringa, som vil vere anonym, seier til det franske nyheitsbyrået AFP at arrestasjonane av dei 135 i dag viser at styresmaktene har kontroll på trusselen som IS representerer for kongeriket.

LES OGSÅ: – Grunn til å tro at Baghdadi var til stede

LES OGSÅ: Video viser IS-krigere kjøpe jesidi-slaver

SISTE NYTT

Siste nytt