Hopp til innhold

49 omkom i flystyrt i USA

Eit passasjerfly frå Continental Airlines har krasja inn i eit hus i Buffalo i staten New York.

Video nsps_upload_2009_2_13_7_29_12_0.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det var 48 menneske om bord i flyet, som kom frå Newark i New Jersey og skulle lande på flyplassen i Buffalo.

Video nsps_upload_2009_2_13_12_5_37_34.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Alle om bord omkom i tillegg til ein person på bakken, stadfestar det lokale politiet.

Politiet ville først berre stadfeste at det er fleire omkomne. Vitne på staden sa at det var utenkjeleg at nokon om bord i flyet kan ha overlevd.

Brannfolk kjempar mot flammane etter flystyrten.

Brannfolk kjempar mot flammane etter flystyrten.

Foto: Harry Scull Jr / AP

12 hus evakuerte

Flyet krasja rundt åtte kilometer frå flyplassen, og fjernsynsbilete viser eit brennande flyvrak i ruinane av eit hus. Nesten tre timar etter krasjen brann det framleis på staden. Krasjstaden ligg på Long Street i tettstaden Clarence Center. 12 hus rundt ulukkesstaden er evakuerte.

Det var eit Bombardier Dash 8-Q400-fly på veg frå Newark i New Jersey til Buffalo som styrta, og at det var 48 personar om bord. Flyet kan ta 74 passasjerar. Ulukka skjedde fem minutt før flyet skulle ha landa på flyplassen i Buffalo.

Isregn og sludd

Amerikanske flystyresmakter seier det var 44 passasjerar om bord i flyet, i tillegg til eit mannskap på fire.

Dei som budde i huset skal ikkje ha vore heime då ulukka skjedde klokka 22.30 lokal tid, 05.30 norsk tid. Naboar har fortalt at paret var ute og handla då flyet styrta i huset deira, som ligg i eit område med mange einebustader.

Det var eit fly av denne typen, Bombaardier Dash8- Q400, som styrta i Buffalo.

Det var eit fly av denne typen som styrta i Buffalo.

Foto: Andrew H. Cline / AP

Det var isregn og sludd då ulukka skjedde. Flyet var fleire timar forseinka, men flygaren skal ikkje ha meldt frå om problem før krasjen. Det skal ikkje ha vore dårleg sikt.

Det har ikkje kome opplysningar om årsaka til ulukka, men ekspertar på flytryggleik seier at veret kan ha ført til at det danna seg is på flyet. Dash 8 Q 400 er same flymodell som SAS hadde problem med for eit par sidan.

Selskapet opplevde fleire nestenulukker, blant anna ved at landingshjula klappa saman. Men ulukken i Buffalo verkar å ha andre årsaker.

Ein statleg tenestemann seier til AFP at det ikkje har kome rapportar om kva som førde til styrten.

Forsvann frå radarskjermen

- Det verkar som om flyet med eitt berre forsvann frå radarskjermen, serier han.

Jim Tilmon, ein tidlegare flygar, seier til CNN at is på vengjene kan vere ei mogleg årsak, men at flyet er produsert i Canada, og at det skal tole kaldt og dårleg ver.

Ein mann som blir identifisert berre som Tony seier til ein lokal fjernsynsstasjon at han kom køyrande då flyet plutseleg dukka opp rett framfor han, styrtande med nasa først.

Fleire vitne fortel at dei høyrde merkelege lydar frå flyet før det styrta rett i bakken.

Flyulukke i Buffalo i staten New York

Flammane frå styrtstaden lyste opp store område i Buffalo.

Foto: David Duprey / AP

Kraftig eksplosjon

David Luce, som bur rundt 150 meter frå krasjstaden, seier at han høyrde ein kraftig eksplosjon og såg flammar som slo 15-20 meter opp i lufta.

- Først var det ein kraftig lyd, og så vart det heilt stille i eit par sekud. Så kom den kraftige eksplosjonen. Eg trudde det var noko som trefte huset vårt, for heile huset rista. Så kom ein periode på rundt 10 minutt med mange mindre eksplosjonar, som kanonskot.

Etter nokre minutt gjekk Luce ut av huset, og han såg flyvraket og det fullstendig øydelagde huset.

- Huset var heilt flatt. Det var ikkje noko hus lenger, berre ruinar, og det som var igjen stod i flammar, fortel han til The Buffalo News

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt