Hopp til innhold

Ny banebrytande satellitt: – Vil endre heile forståinga vår av miljøet

SVALBARD (NRK) Har havtemperaturen, ustabile fjellsider eller isbrear endra seg - eller korleis utviklar oljeutslepp seg? EU set sin lit til ein ny satellitt i sitt store prestisjeprosjekt for miljøovervaking.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Miljøsatelitt

Området ved Jacobshavn-breen på Grønland 23. september. Biletet er teke frå Sentinel-1.

Foto: ESA

Sentinel-1 blei skoten opp frå romfartssenteret i Fransk Guyana 3. april. Innkjøringsfasen var slutt 23. september. Fredag var satellitten i full drift, og leverte data til alle som er brukarar av satellitten.

Ein av bakkestasjonane Sentinel-1 leverer frå seg data til, er SvalSat på Svalbard. På Platåfjellet, utanfor Longyearbyen, står ei splitter ny antenne som no tek imot data frå satellitten.

– Vi har bygd ei ny antenne, og vi har installert ein del utstyr her i samband med Sentinel-1, fortel Torgeir Prytz, som er driftsleiar på SvalSat.

Betre miljødata

Miljøsatelitt

Denne antenna på SvalSat tek imot data frå Sentinel-1-satellitten. Ho står inne i ein såkalla radom, som vernar mot vind og ver.

Foto: Eivind Molde / NRK

Sentinel er den nye europeiske miljøsatellitten. Den har med seg avanserte radarar og andre instrument som blant anna tek bilete av jordoverflata uavhengig av skydekket og om det er lyst eller mørkt. Ei lang rekkje data blir henta ned til bakkestasjonen på Svalbard.

– Satellitten sender blant anna data om havtemperatur, den blir brukt til skogovervaking, du vil kunne sjå isbrear som endrar seg over fleire år, du kan samanlikne data over tid, seier Pryz.

Sentinel-1 er den første av i alt seks satellittar. Satellittane er ein del av det ambisiøse Copernicus-prosjektet. Dette er EUs store jordobservasjonsprogram for miljøovervaking.

Simon Jutz er sjef for Copernicus-programmet.

– Kan forstå betre

Satelittovervåking

- Store mengder data krev meir enn ei antenne, seier administrerande direktør i KSAT, Rolf Skatteboe. - Derfor er vi no i gang med å byggje ei antenne nummer to for å ta imot data frå Sentinel-satallittane.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Sentinel-satellittane og Copernicus-programmet representerer eit kvantesprang når det gjeld det å forstå miljøet. No får vi kontinuerlege målingar og dermed lengre tidsseriar som gjer at vi på ein langt betre måte kan forstå det som skjer, seier Jutz.

Sentinel-satellittane vil få mykje å seie på ei lang rekkje område.

– Ein kan blant anna observere utslepp av olje, følgje med på korleis isforholda endrar seg i Arktis – og eigentleg alt du kan tenkje deg som er relevant for miljøet.

Bilete frå Sentinel vil blant anna gje mykje betre oversikt over korleis ustabile fjellsider rører på seg. Dermed blir det lettare å førebyggje naturkatastrofar. Satellitten vil også kunne bli brukt for å skaffe fram informasjon i samband med humanitære katastrofar.

Simon Jutz trur informasjonen som kjem frå Sentinel-satellittane vil bli viktig for europeiske politikarar i åra som kjem.

– Eg trur dei nye satellittane vil få fram fleire fakta som vil vere avgjerande for dei som tek viktige avgjerder om framtida vår. Dette vil endre heile forståinga vår av miljøet, seier Jutz.

Antenne nummer to

Miljøsatelitt

Sentinel-1 blei skoten opp frå romfartssenteret i Fransk Guyana 3. april. Innkjøringsfasen var slutt 23. september. Fredag var satellitten i full drift, og leverte data til alle som er brukarar av satellitten. Sentinel-1 er den første av i alt seks satellittar i EUs ambisiøse Copernicus-program.

Foto: ESA-S. Corvaja, 2014

SvalSat, bakkestasjonen på Svalbard, er eigd av Kongsberg Satellite Services, også kjent som KSAT. Dette er eit kommersielt selskap som tek imot data frå ulike satellittar og sender dei vidare til kunden, i dette tilfellet den europeiske romfartsorganisasjonen ESA.

– Store mengder data krev meir enn ei antenne, seier administrerande direktør i KSAT, Rolf Skatteboe.

– Derfor er vi no i gang med å byggje ei antenne nummer to.

– SvalSat ligg på 78 grader nord. Har det noko å seie?

– Ja, bakkestasjonar langt mot nord har betre dekning enn andre stasjonar. Dette gjev kostnadseffektiv og fleksibel drift fordi dei kan kommunisere med satellittane kvar gong dei kjem rundt jorda, det vil seie 14 gonger i døgnet. Ein runde i cirka 800 kilometers høgde tek om lag 100 minutt, seier Skatteboe.

Han fortel om stigande internasjonal interesse for å bruke bakkestasjonen ved Longyearbyen.

– Talet på internasjonale kundar aukar. Stadig fleire land byggjer jordobservasjonssatellittar, og mange vil bruke tenestene frå Noreg. I alt tek vi imot data frå rundt 80 satellittar til dei 44 antennene vi har her.

Miljøsatelitt

Sentinel-1 tek bilete uavhengig av verforhold og om det er dag eller natt. Det kjem til nytte når polarområda skal fotograferast.

Foto: ATG medialab / ESA

SISTE NYTT

Siste nytt