Hopp til innhold

– Fly med 295 om bord skote ned i Ukraina

Eit passasjerfly frå Malaysia Airlines med 295 menneske har styrta i Ukraina like ved grensa til Russland. Ukrainas president Petro Porosjenko kallar det ei terrorhandling.

Flykrasj aust i Ukraina.

Flyet knakk i to og vart fullstendig knust då det møtte bakken.

Foto: DOMINIQUE FAGET / Afp

Presidenten skuldar dei prorussiske opprørarane for å ha skote ned flyet. Alle om bord har mist livet, opplyser ein tenestemann i det ukrainske innanriksdepartementet. Det var 283 passasjerar og eit mannskap på 15 om bord i flyet.

Tryggingssjefen i Ukraina, Valentyn Nalivatsjenko, skuldar to russiske etterretningsoffiserar i å ha vore innblanda i nedskytinga av passasjerflyet, og at dei må straffast for dette.

Flyet, ein Boeing 777, var på veg frå Amsterdam til Kuala Lumpur. Brennande vrakdelar frå flyet er spreidde over eit stort område. Flyet melde ikkje om problem før det styrta.

Det ukrainske innanriksdepartementet seier at det er over 300 døde etter flystyrten, og at 23 av dei er amerikanske statsborgarar, ifølgje Interfax. Det var også fleire franske og nederlandske borgarar med i flyet.

Det er førebels uklart om dette betyr at det var fleire om bord i flyet enn tidlegare oppgitt, eller om det også kan vere døde på bakken.

Tryggingsrådet i FN har kalla inn til hastemøte om situasjonen i Ukraina fredag klokka 21, opplyser diplomatar i New York til Reuters.

I ukrainsk luftrom

Boeing 777 frå Malaysian Airlines.

Det var ein Boeing 777 frå Malaysia Airlines som styrta i det austlege Ukraina i ettermiddag.

Foto: STRINGER / Reuters

Russiske luftfartskjelder seier at flyet var på veg inn i russisk luftrom då det styrta på ukrainsk side ikkje langt frå byen Shaktarsk i Donetsk-regionen. Området skal vere kontrollert av prorussiske separatistar.

Interfax melder at flyet vart skote ned medan det flaug i ei høgd på 10.000 meter over det austlege Ukraina.

Tenestemannen i det ukrainske innanriksdepartementet seier at det var separatistane som skaut ned flyet, og at våpenet som vart brukt var ein bakke-til-luft-rakett av typen Buk. Buk er eit gammalt sovjetisk rakettsystem.

Separatistleiaren Alexander Borodai seier at det malaysiske passasjerflyet vart skote ned av ukrainske regjeringsstyrkar. Dette blir blankt avvist av styresmaktene i Kiev.

Den amerikanske avisa Wall Street Journal melder i kveld at amerikansk etterretning har stadfesta at flyet vart skote ned av ein rakett, men at dei ikkje har konkludert med kvart det vart skote frå.

Døde menneske på bakken

Ein journalist frå nyheitsbyrået Reuters er på staden, og han kan fortelje at han ser brennande vrakrestar og døde menneske på bakken.

Det er lagt ut fleire videoar på Youtube som viser røyk frå det som skal vere det brennande flyet.

Ein tenestemann i det ukrainske krisedepartementet seier at det er funne kroppsdelar så langt som 15 kilometer frå styrtstaden. Minst 100 døde menneske er observerte, seier han til Reuters.

Kampar i området

Flyvrak

I går vart eit ukrainsk militærfly skote ned nær grensa til Russland.

Foto: DOMINIQUE FAGET / AFP

Det har den siste tida vore harde kampar mellom ukrainske regjeringsstyrkar og separatistgrupper i dette området.

Fleire ukrainske militærfly er skotne ned av opprørarane den siste tida. Ukrainske styresmakter har skulda det russiske forsvaret for å stå bak nedskytinga av eit ukrainsk militærfly i går, noko som blir avvist i Moskva .

Malaysian Airlines stadfestar at dei har mist kontakten med passasjerflyet, og at siste kjende posisjon var i det austlege Ukraina. Flyselskapet opplyser at flyet vart registrert sist klokka 12.15 GMT, klokka 14.15 norsk tid.

Laster Twitter-innhold

Ordre om etterforsking

Ukrainas statsminister Arsenij Jatsenjuk har gitt ordre om etterforsking av flykatastrofen. Også Malaysian Airlines opplyser at dei også har starta etterforsking av det som har skjedd.

Ukrainas president Petro Porosjenko sa tidlegare i kveld at flyet kan ha vorte skote ned, men han avviser at ukrainske regjeringsstyrkar har vore blanda inn.

Det norske utanriksdepartementet veit enno ikkje om det var nordmenn om bord i flyet. Pressevakt i UD, Astrid Sehl, seier til NRK at dei ikkje har fått informasjon om at det skal ha vore nordmenn med, men at dei jobbar med å få dette stadfesta.

Mann jobber med å slukke brannen etter at en Boeing 777-fly styrtet i Ukraina

Vrakrestane av det malaysiske passasjerflyet er spreidd over eit stort område.

Foto: MAXIM ZMEYEV / Reuters

I kveld kjem det også meldingar om at presidentane Vladimir Putin og Barack Obama har snakka saman om det som har skjedd i Ukraina.

– Skrytte av nedskyting

Ikkje stadfesta meldingar på sosiale medium seier at ein ukrainsk opprørsleiar i ettermiddag la ut ei melding om at hans menn hadde skote ned eit ukrainsk transportfly. Då det vart kjent at det var snakk om eit malaysisk passasjerfly, vart meldinga raskt fjerna, blir det hevda.

Augevitne fortel at dei høyrde fleire eksplosjonar før flystyrten.

– Eg arbeidde ute på ei mark med traktoren då eg høyrde lyden av eit fly og deretter smell og skot. Deretter såg eg flyet treffe bakken og knekkje i to, seier eit augevitne som kallar seg Vladimir til Reuters.

Ein lokal opprørar fortel at han høyrde to eksplosjonar. Han avviser at opprørarane kan ha stått bak.

– Berre eit jagarfly eller bakke-til-luft-rakettar kan stå bak dette, seier mannen.

Vrakdel frå det malaysiske passasjerflyet som styrta i Ukraina.

Ein vrakdel frå det malaysiske passasjerflyet som kan vere skote ned i det austlege Ukraina.

Foto: MAXIM ZMEYEV / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt