Hopp til innhold

– Fredslandet Noreg i konflikt med seg sjølv

– Landet assosiert med nobelprisar og fred verkar å vere i konflikt med seg sjølv, seier den indiske nedrustningsaktivisten Vidya Shankar Aiyar til NRK.

US-NORWAY-DIPLOMACY

Brende og Kerry i Washington D.C. i oktober. USA og Russland er blant landa som er skeptiske til FN-resolusjonane mot atomvåpen.

Foto: SAUL LOEB / Afp

Avstemming FN

Overveldande fleirtal for resolusjonane i FN i natt.

Foto: FN

Aiyar var medlem av den indiske regjeringa sitt ekspertpanel for nedrusting i perioden 2011-2014. Og han arbeidde hardt for at ei motvilleg indisk regjering skulle delta på ein konferanse i Oslo i 2013.

Konferansen la grunnlaget for dei tre resolusjonane i FN i natt.

Resolusjonane fokuserte på dei grufulle konsekvensane av atomkrig og atomuhell. Som atomvinter, hungersnaud, kreft og massedød.

– Noreg bør gå i bresjen mot atomvåpen

Vidya Shankar Aiyar

Nedrustningsaktivist Vidya Shankar Aiyar.

Foto: Privat

Aiyar minner på at Noreg var med på å starte og finansiere det som no er ein stor internasjonal debatt om dei humanitære konsekvensane av atomkrig.

Aiyar meiner Noreg må ha mot til å bli eit føregangsland i alliansen.

Kva er problemet viss det berre er snakk om amerikansk press? Noreg vil måtte finne ein utveg. Dei blanke stemmene gir meg eit lite håp om at dykk endrar meining, seier han til NRK.

– Ingen NATO-land kunne støtte resolusjonane

Pripjat

Pripjat etter Tsjernobyl-ulukka er eit godt eksempel på kva atomkatastrofer kan føre til. Naturen tek byen tilbake for stråling gjer det uleveleg.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Utanriksminister Børge Brende sa til NRK at resolusjonsteksten var forma ut slik at ingen NATO-land kunne stemme for dei.

Noreg avstod frå å stemme over to av dei og stemde mot den tredje.

Eit forbod mot atomvåpen bryt med Natos strategiske konsept frå 2010 som slår fast at Nato vil vere ein kjernefysisk allianse så lenge det finst kjernevåpen. Difor stemde ingen Nato-land for desse resolusjonane. Heller ikkje Noreg, seier Brende.

– Ingen juridiske hindringar

Forskar Torbjørn Graff Hugo ved Internasjonal Law and Policy Institute seier Noreg ikkje har nokon juridiske forpliktingar til Nato som hindrar dei i å støtte resolusjonar i FN.

Torbjørn Graff Hugo

Torbjørn Graff Hugo er forskar ved Internasjonal Law and Policy Institute

Foto: ILPI

Det kjem an på kor komfortable Noreg er med å stå for noko som fellesskapet i Nato ikkje støttar. Å stikke hovudet litt fram og håpe at andre føl etter. Dette blir politiske vurderingar.

Hugo fortel at Danmark kom i hardt ver på 80-talet. Dei tok dissens i saker som gjaldt nedrusting. Den sokalla fotnote-tida. Og Brende sa til NRK i dag tidleg at han ikkje ville at Noreg skulle bli eit «fotnoteland».

– Noreg blir tvinga til å ta standpunkt

Pripjat kjøpesenter

Debatten om dei menneskelege konsekvensane av atomkrig og katastrofer har auka på dei siste åra. Her frå eit kjøpesenter i Pripjat, Tsjernobyl

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

– Det som er i ferd med å skje no, med resolusjonane, og den dynamikken som følger med dei er at det blir vanskelegare å sitte på gjerdet. Vi må ta eit standpunkt. Ynskjer vi å fjerne atomvåpen, eller vil vi behalde dei så lenge vi kan, fortel Hugo.

– Og no ser det ut som at Noreg har hamna på Nato si side av gjerdet. Og det kan bli interessant å sjå kva det fører til.

Korleis det?

Det er ei side av gjerdet der det er vanskeleg å vere ei humanitær stormakt, fordi ein samtidig argumenterer for kvifor atomvåpen ikkje skal bli fjerna. Det vil krevje ein del retorisk akrobatikk.

SISTE NYTT

Siste nytt