Hopp til innhold

Ny video skal vise avrettinga av Steven Sotloff

Terrororganisasjonen IS, som nyleg avretta den amerikanske journalisten James Foley, skal ha lagt ut ein video der også kollegaen Steven Sotloff (31) blir avretta

Steven Sotloff i arbeid i Libya.

Steven Sotloff var ein erfaren journalist som har jobba fleire år i ulike land i Midtausten.

Foto: Renar Petersons / Flickr

I videoen frå 19. august, som viser avrettinga av James Foley, vart det sagt at lagnaden til Steven Sotloff var avhengig av om USA heldt fram bombeangrepa mot IS-stillingar i Irak.

Den nye videoen er fanga opp av The search for International Terrorist Entities (SITE) Intelligence Group, melder Reuters. Dette er ein organisasjon som overvakar nettaktiviteten til terrororganisasjonar.

Bestialsk drap

Steven Sotloff

Steven Sotloff skal vere avretta av terrororganisasjonen IS. Dette biletet er frå før han vart teken til fange.

Foto: HANDOUT / Reuters

Videoen viser ein maskert mann som tek livet av det som skal vere Steven Sotloff på ein bestialsk måte. Den maskerte mannen kjem etter avrettinga med ei åtvaring til alle land mot å «støtte den vonde alliansen til USA mot IS».

- Eg er her igjen, Obama, og eg er tilbake på grunn av den arrogante utanrikspolitikken din mot Den islamske staten, seier den maskerte mannen på videoen.

Han viser tydeleg til den førre videoen, som viste avrettinga av James Foley og truslane mot Steven Sotloff. Amerikanske etterretningskjelder trur likevel at Sotloff vart avretta same dagen som Foley, men at dei har venta for å kunne porsjonere ut videoane sine.

Sist helg hjelpte amerikanske fly irakiske sjiastyrkar med å ta tilbake kontrollen over byen Amerli i Nord-Irak. Byen har vore halden av IS i to månader.

LES OGSÅ: Norsk islamist hyller halshogging

Bortført i Aleppo

Steven Sotloff vart også bortført av IS i Syria, men han var ikkje saman med James Foley. Sotloff vart bortført i Aleppo nord i landet.

Han var frilansjournalist, og han har tidlegare jobba for prestisjetunge magasin som Time, The National Interest og Foreign Policy og for fjernsynsstasjonane CNN og Fox. Han vart teken til fange etter å ha kryssa grensa frå Tyrkia.

I denne siste videoen blir det sett fram truslar mot den britiske hjelpearbeidaren David Haines, som også blir halden fanga av IS.

James Foley

Ein video av avrettinga av journalisten James Foley vart lagt ut 19. august.

Foto: Nicole Tung / Ap

I ei fråsegn frå Det kvite hus heiter det at dei ikkje kan stadfeste at videoen er ekte, men at dei jobbar for fullt med å kunne slå det fast.

– Dersom videoen er ekte, så er det til å bli sjuk av, seier talskvinne Jen Psaki i amerikansk UD.

Gro Holm om Sotloff-videoen

VIDEO: Gro Holm frå Washington DC.

LES OGSÅ: – Middelaldersk ideologi i hypermoderne drakt

Mora bad om nåde

Terrororganisasjonen IS la sist månad ut ein video som viste avrettinga av den amerikanske journalisten James Foley, som har vore sakna sidan 2012. Amerikanske styresmakter har seinare stadfesta at denne videoen var ekte.

Etter avrettinga av Foley bad mor til Sotloff IS-leiaren Abu Bakr al-Baghdadi om nåde for sonen.

– Eg ber deg om å bruke makta di til å spare livet hans og til å følgje i fotspora til profeten Mohammed, som beskytta bokfolket, sa mora i ein videobodskap. Ho viste til det muslimske vernet av kristne og jødar under islamsk lov.

Ho sa også at Steven er ein lojal og sjenerøs son, bror og barnebarn, og at han er ein mann av ære og alltid har prøvd å hjelpe dei svake.

– Familien sørgjer privat

I kveld har familien sendt ut ei fråsegn via talsmannen sin, Barak Barfi, som kan tyde på at dei trur at videoen er ekte.

– Familien kjenner til denne forferdelege tragedien, og dei sørgjer privat. Det kjem ikkje fleire offentlege fråsegner frå familien i denne vanskelege tida.

Den islamske staten (IS) har teke kontroll over store landområde i Irak og Syria, og dei har etablert eit islamsk kalifat med al-Baghdadi som kalif. Dei held truleg også ein 26 år gammal amerikansk kvinneleg hjelpearbeidar som gissel.

Talskvinne kommenterer Sotloff-videoen

VIDEO: Amerikansk UD reagerer sterkt.

LES OGSÅ: Curtis ville ikkje snakke om tida i fangenskap

LES OGSÅ: IS krever 40 millioner for å løslate kvinnelig gissel

LES OGSÅ: Foleys famile offentliggjør trussel-epost fra IS

LES OGSÅ: Obama: – Ideologien til IS har ingen verdi

SISTE NYTT

Siste nytt