Hopp til innhold

– Tunisisk politi nekta å skyte terroristen

Ein sivil mann måtte ta skytevåpenet til politimannen som kom først til hotellet kor ein terrorist skaut rundt seg, fortel vitne. Politimannen skal ha nekta å gjere noko når han først kom.

Tunisia Anti Terror Law

I dagane etter terrorangrepet i Sousse haldt tunisiske politimenn vakt på stranda kor hendinga skjedde. No får tunisisk politi krass kritikk av vitne som seier at den første politimannen som kom til staden nekta å skyte.

Foto: Abdeljalil Bounhar / Ap

Vitne til terrorhandlingane i Tunisia fortel om ein handlingslamma politimann. Det er BBC som fortel om dette på sin radiokanal.

– Det tok 12 minutt frå det var meldt frå til første politimann kom. Men sjølv om han hadde eit våpen, så nekta han å skyte, fortel eit vitne til BBC.

TOPSHOTS-TUNISIA-UNREST-TOURISM

38 turistar vart drepne i angrepet i feriebyen Sousse. Her legg folk ned blomar på stranda kor drapa skjedde.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

Nekta å skyte

Dei som stod rundt politimannen skal ha ropt til han at han måtte gå mot terroristen og skyte. Men dette skal politimannen ha nekta å gjere fordi han ikkje hadde fått ordre om å skyte, og fordi han ikkje hadde skotsikker vest.

Politimannen skal deretter ha fått hjelp frå ein person som sa han hadde våpentrening, men han avslo dette tilbodet.

Frustrerte tilskodarar skal deretter ha danna ein ring rundt politimannen for å få han til å handle.

– Han prøvde å komme seg unna. Ein person tok våpenet til politimannen og gjekk inn på hotellområdet, fortel vitnet til BBC.

Tunisiske Saifeddine Rezgui er mistenkt for terroren i Sousse

Det var den 23 år gamle Seifeddine Rezgui som stod bak terroren.

Foto: - / Afp

Sivil mann vart mistenkt nummer to

Den lokale mannen som hadde tatt våpenet var berre iført ein raud badeshorts. Han fyrte av to skot som begge trefte palmetre. Deretter klikka våpenet. På det tidspunktet hadde terroristen ein granat i handa og kasta den.

Terroristen vart til slutt skoten og drepen av politi som kom til staden. Men tunisisk politi får no kritikk av vitna som meiner dei var altfor treige i sin reaksjon.

Mannen som tok politiets våpen gjekk frå å vere helt til å bli mistenkt. For rett etter angrepet kom det rapportar om at fleire vitne hadde sett ein væpna mann i raud shorts. Dette starta eit rykte om at det var to angrepsmenn.

Trass heltedåden vart mannen tvungen til å flykte frå staden.

– Politiet har tidlegare raida terroristens hus

Tunisiske styresmakter har tidlegare sagt at dei ikkje kjente til 23 år gamle terroristen, Seifeddine Rezgui, frå før av. Men vitne fortel til BBC at tunisisk politi tidlegare har raida huset som han og nokre venner budde i.

Politiet skal ha hatt mistanke om ulovleg verksemd, men fant ingenting under raidet. Rezgui og venene skal aldri ha returnert til huset, og flytta til ein annan stad i same by, fortel naboar til BBC.

Tunisiske styresmakter vil ikkje kommentere desse påstandane.

SISTE NYTT

Siste nytt