Hopp til innhold

– Velkomen til Orbanistan!

Digre kraner svingar seg over det som vil bli ein fotballstadion med plass til 4.000 tilskodarar, og det i ein landsby med to tusen innbyggarar. Ein skulle ikkje tru det var økonomisk krise i Ungarn.

HUNGARY-VOTE/ File photo of Hungarian Prime Minister Viktor Orban

Statsminister Viktor Orbán feirar ei scoring på den flotte fotballbana han bygde ved heimstaden. Han kan også feire ein overbevisande valsiger.

Foto: LASZLO BALOGH / Reuters

Men dette er heimstaden til den mektige statsministeren i Ungarn, Viktor Orbán.

Han er ein stor fotballtilhengar, og har tilgodesett landsbyen Felcsut med stadion og fotballakademi til 100 millionar kroner.

– Heile landsbyen arbeider her, det er som ein katedral, seier snikkaren Laszlo Molnar til New York Times.

Orbán har sikra sambygdingane sine arbeid i dårlege økonomiske tider. Nokre har til og med blitt millionærar. Borgarmeisteren, som er ein barndomsven, gjekk frå å vere røyrleggar til å bli ein av dei rikaste næringslivstoppane i Ungarn.

Opposisjonen meiner Felcsut er beviset på korrupsjonen og nepotismen i Orbán-regimet. Den tidlegare statsministeren og sosialisten, Gordon Bajnai, kallar Felcsut hovudstaden i «Orbánistan».

– Sjå for deg eit stadion med dobbel kapasitet av innbyggartalet i landsbyen. Heile greia er som Disneyland. Som barn kan ein drøyme om å ha Disneyland i hagen. No har denne draumen blitt verkeleg, seier Bajnaj til New York Times.

HUNGARY-VOTE-ORBAN-PEOPLE

Arenaen i Felcsut har kapasitet på 4000, dobbelt av innbyggartalet. I tillegg har landsbyen fått eige fotballakademi.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / Afp

Stadionet i Felcsut har blitt eit symbol på dei omfattande endringane som kom med valsigeren til Orbán for fire år sidan. Med to tredjedels fleirtal i nasjonalforsamlinga, kunne Orbán og partiet hans Fidesz skrive om grunnlova.

Ei grunnlov mange kritikarar meiner har blitt meir nasjonalistisk og mindre demokratisk. Fleire hundre lover er vedtekne, ei av dei meir obskure gjev sportsbedrifter skattelette.

Orbán-regjeringa dominerer

Fidesz har blitt so mektige at dei ikkje berre dominerer alle offentlege institusjonar, som kringkastinga og domstolane, men også næringslivet. Ei ny klasse med oligarkar har vakse fram, hevdar avisa New York Times.

Internasjonalt har Orbán hausta mykje kritikk for dei omfattande grunnlovsreformene. På heimebane er han framleis populær.

For to veker sidan vart Orbán og Fidesz gjenvald, og dei klarte behalde to tredjedels fleirtal i nasjonalforsamlinga. Dette er uvanleg i eit land der politikarforakt ofte fører til at ein hoppar fram og tilbake mellom regjeringane.

Les: Erklærer valgseier i Ungarn

Årsaka er ifølgje internasjonale observatørar ikkje fordi at regjeringa er så populær, men heller at opposisjonen er svekka og dårleg organisert. Opposisjonen, som hovudsakleg er sosialistpartiet, meiner restrukturering av valdistrikt og mediesensur, har gjort det umuleg å utfordre Orbán i val.

– Ungarsk statleg media har blitt eit talerøyr for regjeringa, seier forskaren Amy Bruillette frå det Sentraleuropeiske universitetet til The Economist.

Dette er kritikk som Fidesz ser på som svært urettvis, og dei meiner dei har veljarane i ryggen når dei no ryddar opp i rotet som dei hevdar sosialistane etterlot seg.

Les: – Ungarn er misforstått av omverda

Hungary Soccer Award Joseph Blatter

Fotballpresident Sepp Blatter kastar glans over Ferenc Puskas fotballakademi, som nyleg er bygd i landsbyen Felcsut. Opposisjonen kallar det syrleg hovudstaden i Orbánistan.

Foto: Bela Szandelszky / AP

Diasporaen flokka til urnene

Grunnlovsendringane har gjort det mogeleg for ungararar i andre land å stemme ved valet. 200.000 tusen har registrert seg. Mange er frå Romania der det bur om lag ein og ein halv millionar etniske ungararar. Dei har budd der i hundrevis av år.

Likevel stemmer dei entusiastisk på politikarar nabolandet. Rumenske ungararar NRK har snakka med, seier dei avla stemme i god tid slik at dei skulle kome fram i posten.

Denne nasjonalistiske politikken har gjort Ungarn til EUs svarte får. Orbán får kritikk for å dele ut ungarske pass i nabolanda Romania og Slovakia.

Han får også regelmessig kjeft av Den europeiske sentralbanken og IMF, fordi han ikkje gjer slik dei gjev beskjed om.

Vender blikket austover

Utanrikspolitikken til Orbán blir også kritisert av EU-toppane. Han inngjekk nyleg ein uheilag allianse med Vladimir Putin i form av ein gunstig energiavtale, og han fekk det udemokratiske oljelandet Aserbajdsjan til å kjøpe litt ungarsk gjeld. I bytte utleverte Ungarn ein aserbajdsjansk offiser som drap ein armensk kollega med øks då begge var på NATO-kurs i Budapest. Øksemordaren vart motteken som ein helt då han kom tilbake til Aserbajdsjan.

Les: Ungarn i kaukasisk øksemordar-strid

Kanskje ikkje so rart då at Viktor Orbán er det første ungarske statsminister som etter den kalde krigen ikkje har blitt invitert til Det kvite hus.

Men det betyr lite når han no har surfa inn til ny valsiger og fire nye år som statsminister i Ungarn. Og EU-toppane lurer sikkert på kva som blir neste kontroversielle trekk frå den eigenrådige statsministeren i Ungarn.

SISTE NYTT

Siste nytt