Hopp til innhold

– Her er eg, i live!

Islamistgruppa Boko Haram sin leiar, Abubakar Shekau slår i dag tilbake på rykta om hans død. I ein ny videosnutt seier Abubakar Shekau at Boko Haram har starta sitt islamske kalifat i byar nord i Nigeria.

NIGERIA-UNREST-SHEKAU

I ein 36 minutt lang video gjer Boko Haram sin leiar, Abubakar Shekau, det klart at han er i live. Med væpna menn og kamuflasjefarga bilar haldt han sin tale. Biletet er ein skjermdump av videoen.

Foto: - / Afp

NIGERIA-UNREST-SHEKAU

Abubakar Shekau seier Boko Haram har oppretta sitt eige kalifat. Biletet er ein skjermdump frå videoen.

Foto: - / Afp
Nigeria Violence

Mange tusen har blitt drivne på flukt på grunn av kampane mellom Boko Haram og nigerianske regjeringsstyrkar.

Foto: Jossy Ola / Ap
NIGERIA-UNREST-TROOPS

Ei folkemengde tok vel i mot dei som hadde klart å ta kontroll over ein av Boko Harams armerte køyretøy.

Foto: TUNJI OMIRIN / Afp

Rykta om at Abubakar Shekau er død har versert i lengre tid, og då det nigerianske forsvaret i førre veke skreiv om ein alvorleg såra terroristleiar på Twitter, så vart det skote ny fart i rykta.

På eit tidspunkt sa det nigerianske forsvaret at Shekau var drepen, men opplysningane vart trukne tilbake etter kort tid. Dei sa derimot at dei hadde drepe ein mann som hadde gitt seg ut å vere dobbeltgjengaren til Shekau.

Mannen som likna på Shekau og som vart drepen skal ha delteke i kampane mellom Boko Haram og regjeringsstyrkar nord i landet.

I dag set derimot Shekau eit solid punktum for spekulasjonane om hans død.

– Her er eg, i live. Eg kjem berre til å døy den dagen Allah tek pusten frå meg, sa Shekau i videoen som nyheitsbyrået AFP har fått tilgang til.

I videoen står Shekau på lasteplanet til ein pickup og skyt rundt seg i lufta. Rundt han er fleire kamuflasjefarga bilar og fire vakter som alle er kraftig utstyrt med våpen.

LES JOURNALIST MAREN SEBØS YTRING OM Nigerias forbannelse

– Ingenting vil drepe meg før mine dagar er omme. Eg lever endå. Nokon spør seg om Shekau har to sjeler. Nei, eg har berre ein sjel, gitt av Allah, seier han medan han les opp frå eit notat.

I den same videoen seier Shekau at Boko Haram no styret sitt eige kalifat nord i Nigeria, og at det er Sharia-lovane som er gjeldande i kalifatet. Eit kalifat er det opphavlege idealet for styreform i ein islamsk stat. Eit kalifat skal i utgangspunktet vere underlagt ein leiar.

– Me har vårt eige kalifat, vårt islamske kalifat. Me følger no koranens lover i Allahs eige land, seier Shekau i den 36 minutt lange videoen.

Boko Haram her herja i Nord-Nigeria i lang tid, og har skapt store problem for Nigeria. Ein av deira mest kjente handlingar er kidnappinga av 270 skulejenter. Hendinga skapte reaksjonar verda over, men dei aller fleste av jentene er framleis ikkje frigjorde.

SISTE NYTT

Siste nytt