AFP melder at over 300 palestinarar er drepne i denne siste runden av krigshandlingar, som har halde på i rundt ei og ei halv veke.
Dei fleste av dei drepne er sivile, og mange av dei er born. Det er ikkje gjort framgang i forsøka på å få til ei våpenkvile. Frankrike har bede Qatar, som har eit godt forhold til Hamas på Gazastripa, om å prøve etter at Egypt ikkje lukkast i sine forsøk.
I NRKs Nyhetssenter får du fortløpende nyhetsoppdateringer.
Hamas avviser våpenkvile
Den islamistiske organisasjonen Hamas, som har makta på Gazastripa, nektar å gå med på ei våpenkvile. Dei har ikkje anna val enn å kjempe, blir det sagt. Abu Ubaida, talsmann for den væpna greina av Hamas, seier dei har fleire tusen krigarar som berre ventar på å kome i kamp.
Israelsk statsminister Benjamin Netanyahu varsla tidlegare i kveld at Israel planlegg ei.
I går sende landet for første gong bakkestyrkar inn på Gazastripa. Då vart det sagt at hovudmålet med bakkeinvasjonen var å øydeleggje tunnelane mellom Gazastripa og Israel.I går greidde 13 væpna palestinarar å ta seg inn i Israel gjennom ein slik tunnel, men dei vart oppdaga av israelske soldatar. Ein av dei vart drepen, medan dei andre greidde å flykte tilbake til Gazastripa.
– Angreip 150 mål
Under aksjonen mot Gazastripa i dag vart ein israelsk soldat drepen, men den israelske hæren trur han kan vere skoten av sine eigne ved eit uhell. Tidlegare denne veka vart ein sivile israelar drepen i eit rakettangrep.
Den israelske hæren opplyser i kveld at dei i løpet av dagen har angripe rundt 150 mål.
Samstundes held rakettangrepa mot Israel frå Gazastripa fram for fullt.
Meldingane frå Gazastripa i kveld tyder på at Israel har intensivert angrepa sine mot enklaven. CNN har meldt at ni menneske vart drepne i løpet av ein time.
Det er blant anna snakk om 21 utskytingsrampar for rakettar og fire tunnelar. 17 militante palestinarar er drepne, blir det opplyst, medan 13 andre er arresterte
– Hjarteskjerande scener
Det israelske forsvaret seier dei gjer alt dei kan for å unngå sivile tap, men likevel er ein stor del av dei drepne sivile. Mange av dei er born.
Helsearbeidarar på Gazastripa fortel om hjarteskjerande scener på sjukehusa. Drepne og såra menneske i alle aldrar kjem inn, og mange er hardt såra. Den norske legen Mads Gilbert seier at dei drepne og såra som kjem inn er i alle aldersgrupper. Han fortel at natt til fredag var ille, og han fryktar at komande natt vil bli minst like forferdeleg.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Ban Ki-moon vil mekle
Ein FN-talsmann i New York opplyser i kveld norsk tid at FNs generalsekretær Ban Ki-moon laurdag vil reise til Midtausten for å prøve å forhandle fram ein avtale om våpenkvile. Han vil gjere dette i samarbeid med land i regionen og internasjonale aktørar, heiter det.
Leiar for politiske saker i FN, visegeneralsekretær Jeffrey Feltman, sa på eit møte i Tryggingsrådet i FN i dag at FN er uroa over det harde israelske svaret på rakettangrepa frå Gaza, men gav samstundes Hamas skulda for at den fem timar lange våpenkvila torsdag vart broten.
– Israel har legitime tryggingsbehov, og vi fordømmer dei vilkårlege rakettangrepa frå Gaza mot Israel som,
sa Feltman under møtet.LES OGSÅ: