Hopp til innhold

Ekspertane trur på skotsk «nei»

Ekspertane og meiningsmålingane er samrøystes. Det endar med eit «nei» til eit sjølvstendig Skottland. Men sjølv med status quo vil ikkje debatten vere over, meiner ekspert.

Mann i rullestol

Denne mannen som NRK møtte i går er klar i si sak. Og ekspertane trur no at han har fleirtalet med seg på å stemme nei til eit sjølvstendig Skottland.

Foto: Johan E. Bull / NRK

Øivind Bratberg

Stipendiat ved Universitetet i Oslo, Øivind Bratberg, trur det tippar i favør av eit nei. Gordon Brown kan vere mannen som har skulda for det, meiner Bratberg.

Foto: UiO

– Eg vil tippe at det går i favør av eit nei, men det blir nok med knapp margin. Eg trur mange nok av dei tvilande har latt seg overtale av fornufta, og farane ved å stemme ja får dei til å tippe mot eit nei, seier postdoktor ved Universitetet i Oslo og Storbritannia-ekspert Øivind Bratberg til NRK.

Også meiningsmålingane tyder på at det skotske folk går for eit nei til sjølvstende. I ei fersk måling i dag leiar nei-sida med seks prosent på ja-sida, og fleire målingar dei siste dagane har vist same tendens.

Men Bratberg åtvarar mot å stole blindt på målingane som kjem, fordi resultata er meir usikre enn det mange trur.

– Dette er ei folkerøysting utan presedens, det er få veljargrupper og høg valoppslutning. Desse tre punkta bidreg til at det er vanskeleg å seie noko sikkert om resultatet, seier Bratberg, som synest det er vanskeleg å spå kva sofaveljarar som til no har vore passive vil ende opp med å stemme.

Tidlegare statsminister kan ha avgjort

Hund som stemmer nei i Skottland

Denne hunden er ein av mange som har kledd seg i nei-effektar. Mykje tyder på at det er eit nei som blir resultatet av kveldens val.

Foto: Johan E. Bull / NRK

Bratberg meiner Gordon Brown, som er skotte, og tidlegare britisk statsminister for Labour, kan ha vore tunga som fekk vektskåla til å tippe til nei-sida.

– Rørslene på ja-sida har vore Labour-tilhengjarar, og Gordon Brown si deltaking har nok bidratt til å snu det heile. Han har ein heilt annan status enn London-politikarane, og han har vore særs synleg dei siste dagane, seier Bratberg.

Bratberg får støtte i sine vurderingar frå ein annan norsk ekspert, Jan Erik Mustad, som akkurat no er i Edinburgh.

– Eg tippar det vert eit marginalt nei-fleirtal, seier førstelektoren ved Universitetet i Agder til NTB.

Mustad meiner også han at stemninga har dreidd mot eit «nei» særskild den siste veka.

– Eg trur hovudet kjem litt meir inn når veljarane står og skal krysse av på papiret. Ein del av dei som har vore tvilande på «ja», blir nok litt meir sikre på «nei», seier Mustad til NTB.

Diskusjonen ikkje over ved eit «nei»

Mustad seier han har snakka med mange av veljarane utføre vallokala, og meiner det er forskjell på dei som stemmer ja og nei.

– Dei som stemmer ja er veldig interesserte i å vise det, og er veldig utadvende, mens dei som stemmer nei nærast berre kviskrar det i øyra våre. Det verkar som det er kult å stemme ja. Då viser du kjensler, og at du er skotsk. Medan det å stemme nei og for status quo er ikkje heilt stovereint i enkelte miljø.

Øivind Bratberg trur ikkje noko på at diskusjonen er over i morgon, uansett kva utfallet blir. Skulle det ende med eit nei, vil det starte ein diskusjon om korleis ein skal tilfredsstille alle dei skottane som stemte ja.

– Det vil bli eit langt etterspel, og dette er definitivt ikkje over i morgon, seier Bratberg berre timar før resultatet er klart.

Sykkelmann seier ja

Det er også mange som vil stemme ja. Ekspertane ser føre seg eit tett valresultat i Skottland.

Foto: Johan E. Bull / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt