Hopp til innhold

Eksplosjon på norsk skip ved Brasil

I Brasil er minst tre oljearbeidarar drepne og 10 såra i ein eksplosjon på eit norskeigd produksjonsskip. – Me er framleis i ein redningsfase, seier selskapet til NRK onsdag kveld.

Cidade de São Mateus

Ifølgje fagforeininga var det truleg ein gasslekkasje som førte til eksplosjonen på det norske produksjonsskipet «Cidade Sao Mateus» onsdag.

Foto: BW Offshore

Norske BW Offshore både eig og driftar produksjonsskipet «Cidade Sao Mateus» utanfor austkysten av Brasil. Selskapet stadfestar i ei pressemelding onsdag kveld at tre personar er omkomne og ti såra.

BW Offshore seier til NRK at det ikkje var nordmenn om bord på skipet. Fleirtalet av dei tilsette er brasilianske.

– Me er framleis i ein redningsfase. No konsentrerer me oss om å evakuera dei som framleis er om bord i skipet, ta vare på de skadde og frakta dei til sjukehus. Me jobbar også med å kontakta pårørande, seier senior visepresident i BW Offshore, Torfinn Buarøy til NRK.

– Gasslekkasje

Det norske plattformskipet «Cidade Sao Mateus»

Ingen nordmenn var om bord då det eksploderte på det norske produksjonsskipet «Cidade Sao Mateus».

Foto: BW Offshore

Petrobras, det statlege oljeselskapet i Brasil, eig oljefeltet og har hyra inn det norske skipet.

Eksplosjonen skjedde onsdag klokka 12.50 lokal tid. Skipet låg 120 kilometer utanfor kysten av Espirito Santo, delstaten nord for Rio de Janeiro.

Ein gasslekkasje var truleg årsaka til eksplosjonen, seier Davidson Lomba i Sindepetro-ES, fagforeininga som organiserer arbeidarane på plattforma, til Reuters.

BW Offshore ønskjer på noverande tidspunkt ikkje å spekulera i kva som kan ha skjedd.

– Det veit me ikkje. Me har konsentrert oss om menneska om bord. Me går i gang med undersøkingar av kva som har skjedd så raskt som mogleg, seier Buarøy til NRK.

Dei skadde er frakta med helikopter til byen Vitoria, der dei får medisinsk behandling. Både BW Offshore og Petrobras tilbyr støtte og oppfølging til tilsette og pårørande, skriv Brasil sitt svar på Statoil i ei pressemelding.

Seks sakna

Produksjonen er ifølgje BW Offshore mellombels stoppa og skipet er teke ut av drift som følgje av ulukka.

Det var 74 arbeidarar om bord på skipet då ulukka skjedde. Seks personar er framleis sakna.

Det norske skipet er av typen FPSO, som på norsk står for «flytande produksjon, oppbevaring og lossing». Dette er skip som blir nytta i oljeindustrien og tek imot råprodukt frå plattformer og undervasssbrønnar.

Saka blir oppdatert.

Aracruz - Espirito Santo