Hopp til innhold

Hamas vil angripe Ben Gurion-flyplassen torsdag

Hamas truar med å angripe Ben Gurion-flyplassen utanfor Tel Aviv frå i morgon tidleg og ber internasjonale flyselskap om å halde seg unna.

Abu Ubaida er talsmann for den væpna greina av Hamas.

Talsmann Abu Ubaida var maskert då han heldt ein fjernsynstale onsdag.

Foto: SUHAIB SALEM / Reuters

Det var Abu Ubaida, talsmann for den væpna fløya i Hamas, som kom med trusselen på den palestinske fjernsynskanalen Al Aqsa i kveld. Han bad dei utanlandske selskapa om å stanse flyginga til Ben Gurion-flyplassen torsdag morgon klokka seks, klokka fem norsk tid.

Gravferd i Gaza by.

Fleire tusen menneske deltok i gravferda til kona og sonen til leiaren for den væpna fløya i Hamas, Mohammed Deif.

Foto: Khalil Hamra / Ap

Flyselskapet Norwegian opplyser at dei følgjer situasjonen tett, men flygingane til Tel Aviv inntil vidare vil gå som normalt.

– Ikkje fleire våpenkviler

Hamas-talsmann Abu Abaida sa også at det no ikkje blir snakk om fleire våpenkviler, og han oppmoda den palestinske delegasjonen i Kairo om å reise heim og ikkje vende tilbake.

Den israelske delegasjonen reiste heim frå Kairo i går, etter at det i går ettermiddag vart skote fleire rakettar mot Israel frå Gazastripa fleire timar før den førebelse våpenkvila gjekk ut.

Israel svarte med å angripe mål på Gazastripa, og Hamas og dei andre militante gruppene på Gazastripa har sidan skote over 180 rakettar mot Israel. Israel retta i går kveld eit angrep mot huset til leiaren for den væpna fløya i Hamas, Mohammed Deif.

LES OGSÅ: Venner og fiender i Midtøsten-konflikten

LES OGSÅ: Våpenhvilen skutt i filler – nye angrep på begge sider

– Legitimt mål

Deif overlevde angrepet, men kona og den sju månader gamle sonen deira vart drepne i angrepet. Mohammed Deif var truleg ikkje i huset. Israel meiner Deif er eit legitimt mål for angrep, sidan han er ansvarleg for angrep mot sivile i Israel.

Det israelske forsvaret opplyste i ettermiddag at Hamas hadde sendt 137 rakettar mot Israel, og at 94 av dei slo ned på israelsk jord. 24 vart skotne ned før dei nådde bakken, medan resten hamna i palestinske område.

Netanyahu

Israelsk statsminister Benjamin Netanyahu samanliknar Hamas med terrororganisasjonen IS.

Foto: POOL / Reuters

Samstundes har israelske styrkar gjennomført over 90 angrep mot mål på Gazastripa. Palestinske sjukehuskjelder opplyser at minst 18 palestinarar er drepne og fleire titals såra det siste døgnet.

LES OGSÅ: Blokaden er nødvendig

– Hamas er som IS

Israels statsminister Benjamin Netanyahu sa i ein tale i kveld at offensiven mot Hamas på Gazastripa vil halde fram. Han samanlikna Hamas med den islamistiske terrorgruppa Islamsk stat (IS), som kontrollerer store område i Syria og Irak.

Netanyahu sa at Hamas brukar same råskapen mot sivile som IS, og at Israel ikkje vil avslutte offensiven mot Hamas før innbyggjarane i Israel ikkje lenger er trua av rakettangrep frå Gazastripa.

Han gjorde det likevel klart at han på sikt ser det som mogleg å få til ei diplomatisk løysing.

SISTE NYTT

Siste nytt