Hopp til innhold

Erdogan sparkar polititoppar etter aksjon mot korrupsjon

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan sparkar ei rekkje polititoppar etter at fleire av støttespelarane hans er arresterte i ei korrupsjonssak.

Politisjefar må gå i Tyrkia.

Fleire politisjefar måtte forlate hovudkvarteret til Istanbul-politiet i dag, etter å ha fått sparken av statsministeren.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters

52 personar, blant dei tre søner av statsrådar, og fleire framståande forretningsfolk med nære band til Erdogan, samt fleire lokale regjeringstenestemenn, vart arresterte i går. Dette er den største korrupsjonssaka i Tyrkia sidan Erdogan og hans moderate islamistiske parti AKP kom til makta i 2002.

– Dei som står bak denne etterforskinga er med på ein «skiten operasjon», som berre er ute etter å sverte regjeringa og å stanse den økonomiske framgangen til Tyrkia, sa ein sint Recep Tayyip Erdogan på ein pressekonferanse i Ankara i kveld.

Polititoppar sparka

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan vil ha slutt på protestene

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan reagerer sterkt på at hann støttespelarar er arresterte i ei korrupsjonssak.

Foto: STRINGER/TURKEY / Reuters/NTB Scanpix

Erdogan har også svart på tiltalen på andre måtar. Fleire titals polititoppar som var ansvarlege for politiaksjonen i Istanbul og Ankara er regelrett sparka frå stillingane sine. Grunngjeving er at dei har gjort seg skuldige i misbruk av makta si. Han varslar at også fleire risikerer å måtte gå.

Erdogan seier likevel at han ikkje vil stille seg i vegen for den juridiske prøvinga av pågripingane i saka.

Statsministeren seier at dei som står bak politiaksjonen mot støttespelarane hans er ute etter å etablere «ein stat i staten». Han siktar til tilhengjarar av ein tyrkisk imam som har emigrert til USA, Fetullah Gulen. Denne imamen skal ha mange tilhengjarar i det tyrkiske politiet og rettsstellet.

LES OGSÅ: Ber kongeparet møte opposisjonen

LES OGSÅ: Klart for kontroversielt Tyrkia-besøk

– Vil hindre vekst

Erdogan knyt også politiaksjonen til demonstrasjonane mot regjeringa dei siste månadene. Også i kveld demonstrerte fleire hundre menneske i Ankara og Istanbul med krav om at Erdogan må trekkje seg.

Demonstrasjon mot Erdogan i Ankara.

Fleire hundre menneske demonstrerte med krav om Erdogans avgang i Ankara i kveld.

Foto: UMIT BEKTAS / Reuters

– Medan vi gjer det vi kan for å gjere Tyrkia til eit topp 10 land i verda, så er det ein gjeng som er opptekne av å hindre den raske veksten vår. Det er dei som er i utlandet, og så er det deira handlangarar her i landet, sa Erdogan på ein pressekonferansen

Ein advokat som representerer Fetullah Gulen avviser at den USA-baserte imamen har noko med aksjonen å gjere.

LES OGSÅ: Tusener i demonstrasjon mot Tyrkias regjering

LES OGSÅ: Dropper utbygging på Taksimplassen

– Djuptgåande usemje

BBCs James Reynolds meiner at utviklinga rundt korrupsjonssaka kan tyde på ei ny djuptgåande usemje i tyrkisk politikk, også internt i partiet til Erdogan. AKP har lova å rydde opp i korrupsjonen i landet.

Korrupsjon er eit stort problem i Tyrkia, og EU har brukt korrupsjon som eitt av argumenta mot at landet kan bli medlem i organisasjonen.

SISTE NYTT

Siste nytt