Jordan har lenge vore i samtaler med IS om å finne ei løysing for Muath al-Kasaesbeh, som var teken som gissel hos IS. Det skal også ha blitt gjennomført ein redningsaksjon, som var mislukka.
- LES OGSÅ:
Den jordanske jagarflypiloten vart i dag stadfesta drepen, det har al-Kasaesbeh sin familie fått stadfesta frå leiaren av den jordanske hæren.
IS skal ha lagt ut ein video av drapet på internet, der mannen vart drepen ved at han vart sett fyr medan han var stengt inne i eit metallbur.
Al-Kasaesbeh vart teken til fange då flyet hans vart skote ned i Syria. Jordan har saman med Japan prøvd å forhandle med IS, men forhandlingane har gått trått.
IS har kravd å få sett laus Sajida al-Rishawi, i bytte mot al-Kasaesbeh, og partane skal på eit tidspunkt ha vore nær ein utvekslingsavtale.
Jordan sa at dei var villige til å sette al-Rishawi fri, men dei har også stilt krav om å få sjå bevis på at al-Kasaesbeh var i live før ein avtale vart gjennomført. Noko slikt bevis skal dei aldri ha fått, og difor vart ikkje avtalen teken heilt i mål.
Dei manglande bevisa underbygger jordansk TV sin påstand om at al-Kasaesbeh vart drepen for ein månad sidan.
- LES OGSÅ:
I Jordan har det vore store demonstrasjonar for å legge press på styresmaktene og få til forhandlingar med IS.
Dei internasjonale reaksjonane har allereie kome. Først ute er USA og Barack Obama som i kveld kallar IS sine nyaste video for barbarisk.