Hopp til innhold

La ut Jihad-video på Facebook før angrepet

22-åringen som er mistenkt for å stå bak dei to angrepa i København i helga, la ut ein video som hyller heilag krig. Han gjorde dette mindre enn ein time før det første angrepet i København laurdag.

Omar Abdel Hamid El-Hussein

Omar Abdel Hamid el-Hussain er mistenkt for angrepa i København i helga.

Foto: Københavns Politi/overvåkningsbilde

Det er Ekstra Bladet som skriv dette. Rundt 45 minutt før angrepet mot kulturhuset Krudttønnen, la Omar Abdel Hamid el-Hussain ut ein video på Facebook-sida si der han hyller væpna jihad, altså heilag krig.

Videoen er ikkje laga av 22-åringen sjølv, men er henta frå ein YouTube-kanal som har publisert fleire videoar som hyller Den islamske staten (IS).

Overvåkningsbilder av Omar Abdel Hamid El-Hussein

Overvakingsbilete av Omar Abdel Hamid El-Hussein.

Foto: København politi (CC BY 3.0) (Montasje laget av NRK)

Politiet har så langt ikkje sagt noko om Omar Abdel Hamid el-Hussain si eventuelle tilknyting til islamistiske grupperingar.

To menneske blei drepne og fem politifolk såra i angrepa mot Krudttønnen laurdag og ein synagoge natt til søndag. Den mistenkte Omar Abdel Hamid el-Hussain blei skoten og drepen av politiet. To menn er sikta for medverknad til drap.

– Sjokkert over det som har skjedd

Faren til Omar Abdel Hamid el-Hussain seier han er sjokkert over det som har skjedd.

– Eg er like sjokkert som resten av verda, sa han Jyllands-Posten måndag.

Mannen ønskjer å vere anonym. Han fekk meldinga om kva sonen skal ha gjort frå politiet.

– Eg fekk vite det av politiet, som ringde meg, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt