Hopp til innhold

Nord-Korea: – Ingen interesse for å kvitte oss med atomvåpen

Nord-Korea vil ikkje gå i fotspora til Iran og forhandle om ein atomavtale med USA og andre vestlege land. Det er heilt uaktuelt, forsikrar det nordkoreanske utanriksdepartementet.

Nord-Korea viser frem sine Musudan-raketter

I samband med feiringa av tidlegare leiar Kim Il-sungs 100-årsdag i 2012, så viste Nord-Korea fram sine Musudanrakettar. Rakettane skal vere klare til å brukast, og mange land fryktar også at Nord-Korea kan kome til å bruke atomvåpen.

Foto: Ed Jones / AFP

– Me har absolutt ingen interesse av å inngå samtalar om å einsidig fryse eller kvitte oss med atomvåpen, står det i eit utsegn frå det nordkoreanske utanriksdepartementet, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

– Ikkje logisk å samanlikne oss med Iran

Det var etter at USA hadde klart å inngå ein samtale med Iran, at amerikanarane opna for moglegheitene til å starte atomsamtaler med Nord-Korea også. Men den opne døra vert altså lukka raskt igjen av asiatane.

SOUTH KOREA KOREAS NUCLEAR

I Sør-Korea har mange demonstrert mot naboane i nord, og deira atomplanar. Her er tidlegare nordkoreanske president, Kim Jong-il avbilda på ein rakettmodell under ein demonstrasjon i Seoul.

Foto: AHN YOUNG-JOON / Ap

– Det er ikkje logisk å samanlikne vår situasjon med iranarane sitt atomprogram, fordi me er alltid gjenstand for provokativ amerikansk militær trugsel. Det inkluderer massive militære styrker og ein alvorleg atomtrugsel, står det i utsegna.

USA og Sør-Korea har eit tett samarbeid, og det er ingen tvil om at dei militære kreftene på grensa mellom Nord- og Sør-Korea er store. Begge landa ser på naboen som ein konstant trugsel.

Nord-Korea har den siste tida skote ut fleire prøverakettar.

Forhandlingar braut saman

Nord-Korea gjennomførte fleire prøvesprengingar i 2006, og har sidan den gong vore påført internasjonale sanksjonar, i likskap med Iran. Dei to landa er dei einaste som har blitt påført slike FN-sanksjonar på grunn av atomprogramma deira.

Det har tidlegare blitt gjennomført samtaler om det nordkoreanske atomprogrammet, men desse braut saman i 2009, og har ikkje blitt tatt opp att seinare. Nord-Korea har også sagt at avtalen dei hadde med USA er lagt død.

Nord-Korea tester missil

Dette biletet fekk mange til å tru at Nord-Korea hadde kome langt med sin raketteknologi. Men biletet har seinare blitt avslørt som falskt og manipulert.

Foto: KCNA / Epa

Sende ut biletet av rakett

Det er i ettertid kome meldingar frå Nord-Korea om at dei vil starte opp att sin atomanlegg, og satellittbilete avslører at det er produksjon ved eit av dei gamle anlegga. I 2013 meinte amerikansk etterretning at Nord-Korea var kapable til å sende ut rakettar med atomvåpen.

Tidlegare i år sende Nord-Korea ut bilete av president Kim Jong-un som visstnok står og peiker mot ein missil som vert skoten opp. Om så var tilfelle, så ville det bety at Nord-Korea hadde kome mykje lenger enn det ein tidlegare hadde trudd. Men ekspertar meiner det ikkje finst tvil om at biletet er manipulert.

USA sa i førre veke at dei var klare for nye forhandlingar, så sant dei var truverdige, og omfatta heile atomprogrammet til Nord-Korea. Noko slikt kjem altså ikkje til å finne stad med det første, om ein skal tru nordkoreanarane sjølve.

SISTE NYTT

Siste nytt