Hopp til innhold

Ungdommar fengsla fordi dei las bøker

Ein av Angolas største musikkstjerner var blant dei 13 som vart arrestert for å ha delteke i ei bokgruppe. Styresmaktene meiner ungdommane planla eit kupp. Arrestasjonane føyer seg inn i ei rekke omstridde hendingar den siste tida.

Arresterte bokklubbmedlem

Her er sju av dei 15 medlemmane av ein angolansk bokklubb som er arresterte og skulda for å ville skape uro og ustabilitet i Angola. Hendinga er ei av fleire hendingar som får kritikarane til å frykte for ein vond spiral for menneskerettssituasjonen i Angola.

Foto: Pedrowski Teca

I juni deltok Luaty Beirao, ein kjent rappar i Angola, og 12 andre ungdommar i ein bokklubb. Der skulle dei lese to bøker.

Ei av bøkene inspirerte mange til å delta i den arabiske revolusjonen for nokre år sidan, og den andre boka er skriven av ein angolansk journalist og handlar om korleis ein kan fjerne ein diktator.

Journalisten som har skrive sistnemnde bok var blant dei 13 som vart arresterte i juni. I tillegg til bokklubbmedlemmane vart også to andre arresterte for å ha tilknyting til klubben.

– Truga tryggleiken i landet

Styresmaktene i Angola meiner arrestasjonane er til det beste for landet.

– 13 angolanske statsborgarar vart tekne på fersken medan dei førebudde å gjennomføre handlingar som hadde som mål å øydelegge ro, orden og tryggleiken i landet, stod det i eit utsegn frå innanriksdepartementet etter arrestasjonane.

Riksadvokaten meiner handlingane til bokklubben er eit alvorleg lovbrot, og at dei rette organa i Angola no må følge opp for å unngå «det verste».

Mange regimekritikarar meiner at ungdommane er arresterte fordi dei er opposisjonelle. Dei meiner arrestasjonane er eit bevis på at det i dag er ulovleg

Presidenten er blant Afrikas rikaste

For det er ein kjent sak at bokgruppa er kritiske til regimet, og vil ta eit oppgjer med det dei meiner er eit vanstyre og diktatur. Dei står bak fleire demonstrasjonar dei siste åra, og fleire av dei har enda med vald.

PORTUGAL-ANGOLA-POLITICS-RIGHTS-BURKINA-FILES

President Jose Eduardo dos Santos har fått mykje kritikk for å vere autoritær og for å slå hardt ned på opposisjonen.

Foto: JOAO CORTESAO / Afp

Dei er misnøgde med Angolas president Jose Eduardo dos Santos som har regjert sidan 1979.

Han er dermed den presidenten i Afrika som har regjert nest lengst, berre slått av Teodoro Obiang Nguema Mbasogo i Ekvatorial Guinea. Dos Santos er også blant dei aller rikaste i Afrika. Og dottera hans, Isabel, er Afrikas rikaste kvinne.

Angola har mange oljeressursar, men dette kjem sjeldan folk flest til gode. Landet har enorme skilnader på fattig og rik, og UNICEF anslår at 38 prosent av folket lever i fattigdom.

Fleire omstridde hendingar

I tillegg til arrestasjonane går det også rykte om ein mogleg massakre utført av angolansk politi mot ei religiøs sekt. Det skal ha blitt meldt om 200 døde, men dette nektar politiet for og fastslår dødstalet til 22 døde, skriv BBC.

ANGOLA-VIOLENCE/ Destoyed huts are seen in Mount Sumi, Angola

Det går rykte om at det har skjedd ein massakre i denne landsbyen. Nokon meiner rundt 200 menneske kan vere drepne etter konfrontasjonar mellom ei religiøs gruppe og politi. Men angolansk politi hevdar dødstalet er 22 døde.

Foto: STRINGER / Reuters

Også ein av Angolas mest kjente journalistar og fremste regimekritikarar, Rafael Marques de Morais er sikta, etter at han skulda militære leiarar i landet for å ha tilknyting til ulovleg diamanthandel.

Summen av handlingane har fått Fellesrådet for Afrika til å forlange at den norske regjeringa seier tydeleg frå til Angola om at utviklinga i landet ikkje er akseptabel. Angola er Noregs største handelspartnar i Afrika.

SISTE NYTT

Siste nytt