Hopp til innhold

Russland-ekspert: – Ekstreme nasjonalistar kan stå bak drapet

– Dersom nokon utanfor regimet stod bak drapet på Boris Nemtsov, er det svært sannsynleg at det var ekstreme russiske nasjonalistar, seier Russland-ekspert Tor Bukkvoll.

Innslag med bakgrunn om Nemtsov, pluss intervju med Russland-ekspert Tor Bukkvoll.

VIDEO: Tor Bukkvoll om drapet på Boris Nemtsov.

Forskaren ved Forsvarets forskingsinstitutt(FFI) veit ikkje om det er nokon innanfor eller utanfor regimet som står bak drapet, men seier at det ikkje er tvil om at Nemtsov var sterkt mislikt av russiske nasjonalistar. Han har inntrykk av at det ekstreme nasjonalistmiljøet er hovudsporet til etterforskarane.

Den russiske opposisjonspolitikaren, som hadde ukrainsk kjærast, var ein skarp kritikar av president Vladimir Putin, og han var ein sterk motstandar av den russiske støtta til dei prorussiske opprørarane i Aust-Ukraina. Han vart skoten og drepen i sentrum av Moskva fredagskvelden.

– Ville leggje fram bevis

Forskar Tor Bukkvoll.

Russland-ekspert Tor Bukkvoll meiner at ekstreme russiske nasjonalistar kan stå bak drapet på Boris Nemtsov.

Foto: NRK

I går sa den ukrainske presidenten Petro Porosjenko at Boris Nemtsov hadde planar om å leggje fram bevis for at Russland er sterkt involvert i krigen i det austlege Ukraina. Porosjenko gav uttrykk for at det truleg var årsaka til at han vart drepen.

Den ukrainske presidenten har kalla Nemtsov for ei bru mellom Russland og Ukraina.

– Skota til drapsmannen har øydelagt denne brua, seier Porosjenko.

I dag møtte fleire titusen menneske opp i sentrum av Moskva for å heidre og minnast den drepne opposisjonspolitikaren. Det er uklart kor mange som deltok, men tala varierer frå politiet sin versjon på 15.000 til tidlegare statsminister Mikahil Kasjanovs Mikahil Kasjanovs anslag på rundt 100.000. .

– Større misnøye

– Det var fleire enn nokon hadde reknar med. Det kan bety at misnøya med regimet er større enn ein har trudd, i alle fall i Moskva. Drapet kan ha sett i gang ei ny bølgje med demonstrasjonar mot styresmaktene, seier Tor Bukkvoll, men meiner at dette er usikkert.

– Det kan vere starten på ein meir aktiv opposisjon, men det kan også bety at regimet skrur endå meir til overfor kritikarane. Så dette kan slå begge vegar, seier han.

Russia Putin Vladimir Putin

Vladimir Putin lovar at alt blir gjort for å finne dei som stod bak drapet på Boris Nemtsov.

Foto: Alexei Druzhinin / Ap

På spørsmål om Boris Nemtsov var ein trussel mot Vladimir Putin og hans regime, svarar Bukkvoll eit klart nei.

– Nemtsov hadde si tid på 1990-talet, ei tid dei fleste russarar vil gløyme på grunn av dei dårlege tidene. Dei nye opposisjonspolitikarane, som Alexej Navalny, er nok ein større trussel, men ikkje Nemtsov, legg han til.

Minnes drept Putin-kritiker - tror drapet var nøye planlagt

– Skammeleg og kynisk

Gruppa som har fått ansvaret for å etterforske drapet på Boris Nemtsov skal rapportere direkte til Vladimir Putin. Presidenten har sagt at dei skal gjere alt som står i menneskeleg makt for å finne dei som stod bak drapet.

I ei personleg melding frå Putin til den gamle mora til Boris Nemtsov heiter det blant anna at han skal gjere alt han kan for at dei som «organiserte og gjennomførte det skammelege og kyniske drapet skal få den straffa dei fortener».

SISTE NYTT

Siste nytt