Hopp til innhold

Nicolas Sarkozy gjer comeback i fransk politikk

Den tidlegare franske presidenten Nicolas Sarkozy seier at han vil vende tilbake att til fransk politikk og sitt gamle parti UMP (Union for ei folkerørsle). Han har som mål å bli leiar av partiet.

Sarkozy

No vil den tidlegare presidenten gjere comeback som politikar i Frankrike.

Sarkozy Facebook

Nicolas Sarkozy offentleggjorde comebacket på si eiga Facebook-side i dag.

Foto: Skjermdump

– De vil ikkje høyre noko meir frå meg, sa Sarkozy då han hadde tapt presidentkampen mot sosialisten François Hollande i 2012.

No, berre to år etter, varslar 59 år gamle Sarkozy at han gjer comeback i politikken.

– Eg er ein kandidat til å bli president for min politiske familie, skreiv Sarkozy på sin Facebook-profil i dag, og sette då eit punktum på comeback-rykta som hadde svirra ei stund.

– Eg kan ikkje sitje og vere ein tilskodar til den situasjonen Frankrike finn seg i, gitt øydeleggingane av den politiske debatten, og oppsplittinga av opposisjonen i Frankrike, skriv han vidare.

Sarkozy var president i Frankrike frå 2007 til 2012, då han tapte etter å stille til attval. I tida etter at han tapte presidentkampen har han vore sikta for korrupsjon.

I sommar gjennomførte fransk politi lange avhøyr med den tidlegare presidenten, som var mistenkt for å ha påverka etterforskinga av ein korrupsjonssak medan han var president.

SISTE NYTT

Siste nytt