Hopp til innhold

Kronprinsparet på plass for å selje Noreg i Vietnam

HANOI (NRK): Det norske kronprinsparet innleidde i ettermiddag norsk tid eit tre dagar langt besøk i Vietnam.

Reportasje frå Vietnam.

VIDEO: Kronprinsparet i Hanoi.

Med kronprinsparet på laget skal regjeringa opne dører for norsk næringsliv i ein av dei raskast veksande økonomiane i verda. Det står om viktige avtaler under det offisielle norske besøket til Vietnam denne veka.

– Det blir veldig spennande. Ingen av oss har vore i Vietnam før, så det blir spennande dagar sa kronprins Haakon då dei kom til Hanoi tysdag ettermiddag norsk tid, klokka 20 lokal tid.

Hektisk program

Då dei kom til Hotel Metropol sentrum av den vietnamesiske hovudstaden vart dei ynskte velkomne av norske born som er busette i Hanoi. Kronprinsparet syntest det var ein flott velkomstkomite.

Varm velkomst for kronprinsparet i Vietnam.

Det norske kronprinsparet fekk ein varm velkomst av norske born busette i Hanoi. Frå venstre Rebecca Brennen (10 år i dag), Margrethe Kirkeby-Garstad (8), Hedda Archer (6) og Selma Archer (4).

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Programmet er hektisk. Er kronprinsessa i god nok form til å stå løpet?

– Ja, eg skal i alle fall prøve. Eg skal ha eit litt redusert program, men eg skal prøve å vere med på det meste, svarer kronprinsesse Mette-Marit på spørsmål frå NRK.

Reisa til Vietnam er det første omfattande oppdraget ho er på sidan nakkeoperasjonen i fjor haust. Besøket i Vietnam varer fram til fredag.

Menneskerettar

Kronprinsparet vart også konfronterte med at vietnamesarar i Noreg har sendt eit brev der dei har bede om at den norske delegasjonen tek opp situasjonen for menneskerettar i Vietnam. Dei ber dei spesielt om å ta opp situasjonen til ein fengsla opposisjonell journalist.

– Menneskerettar er viktig for Noreg. Vi har eit breitt samarbeid med Vietnam, og dette er noko vi tek opp med jamne mellomrom, seier kronprins Haakon.

Kronprinsparet er invitert til Vietnam av visepresidenten. Og når verten tek imot i presidentpalasset i Hanoi i morgon tidleg følgjer ein politisk delegasjon med næringsminister Monica Mæland tett bak.

Monica Mæland

Næringsminister Monica Mæland leder den norske næringslivsdelegasjonen til Vietnam.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Ho har avtale om politiske samtaler med fleire ministrar. Målet er å knyte norske verksemder tettare til den vietnamesiske marknaden. Men utfordringane er store for bedrifter som vil etablere seg i eittpartistaten.

– Støtte norsk satsing

– Det er viktig for meg å støtte opp om satsinga norske bedrifter gjer i Søraust-Asias mest folkerike land. Eit mål for å oppnå det, er å få på plass ein frihandelsavtale med Vietnam. Vi håpar å kome i mål med avtalen i løpet av året, seier Mæland til NRK.

Ein næringslivsdelegasjon på drygt 100 personar er med under det offisielle besøket. Norske verksemder har, ifølgje Innovasjon Norge, på nytt fått auga opp for Vietnam.

– Stadig fleire ser mulegheiter her, seier avdelingsleiar i Innovasjon Norge, Ole Henæs.

– Mange trekte seg tilbake under finanskrisa, for då var Vietnam ein krevjande stad å vere. No ser vi at interessa aukar igjen. Og det skjer innan fleire sektorar, både energi, IT, maritim næring, olje og gass.

Korrupsjon

Vietnam lokkar med lave produksjonskostnader og nærleik til store marknader. Baksida av medaljen er korrupsjon. Vietnam ligg på 116. plass på Transparency International si korrupsjonsliste.

– Korrupsjon er eit problem her, seier Henæs. Vi oppmodar selskapa som får vanskar om å kome til oss. Vi kan hjelpe dei med å løyse flokane.

– Bedrifter vi har snakka med seier dei klarer å styre unna korrupsjon. Er dei naive, eller skal vi tru dei?

– Det er grunn til å tru dei. Ein kan unngå korrupsjon ved å vere vaken og halde orden i bøkene. Men ein må også tole at etableringa tek lengre tid. Det er også viktig å ha eit system i bedriftene som gjer at ein også har kontroll på lokalt tilsette. For det er ein annan kultur her, det er ein kultur der ein gjer kvarandre tenester av forskjellig slag som ikkje vi er vande med i Noreg, seier Innovasjon Norge sin avdelingsleiar i Hanoi, Ole Henæs.

Det offisielle noregsbesøket startar med seremoniar i Hanoi onsdag morgon. Torsdag dreg kronprinsparet til Hue og besøker norske frivillige organisasjonar. Besøket bli avslutta i Ho Chi Minh-byen (tidlegare Saigon fredag.

SISTE NYTT

Siste nytt