Hopp til innhold

World Trade Center opna på ny etter 13 år

«One World Trade Center» er bygningen som har reist seg frå oska av dei to tårna som vart angripne 11. september 2001. I dag, meir enn 13 år etter den sjokkerande hendinga, vart det nye tårnet teken i bruk for første gong.

«One World Trade Center» dominerer bybiletet av New York og Manhattan. Bygget har også fått det symbolske tilnamnet «Freedom Tower», eller «Fridomstårnet», på norsk.

Rett ved sida av «Ground Zero», der dei to tvillingtårna ei gong stod, har det nye tårnet reist seg 541 meter opp i vêret. Prislappen er på 3,8 milliardar dollar, eller 25,7 milliardar kroner, og tårnet er det høgaste bygget på jordas vestlege halvkule.

– Skylinen er fullboren

Sett utanfrå har tårnet lenge sett ferdig ut, men det er først no at innsida er klar til å takast i bruk. I dag flytta dei første tilsette i forlagsfirmaet Conde Nast inn på sine nye kontor i tårnet, og i løpet av veka skal ytterlegare 170 tilsette flytte inn.

– New York sin skyline er på ny fullboren, seier leiaren for New York sitt havnevesen, Patrick Foye, som står som eigar av grunnen.

Når heile tårnet står klart, så er planen å bruke dei tre øvste etasjane som utsiktstårn for turistar og andre som ønskjer å sjå byen ovanfrå.

Frå nedre del av Manhattan vil ein kunne få utsikt til Fridomsgudinna, New Jersey, Brooklyn, også vil ein kunne sjå langt nordover på Manhattan. Det er også planlagd å opne ein restaurant oppe i tårnet.

(Saka held fram under videoen)

One World Trade Center i New York

Sjå video frå New York i dag, då tårnet vart teken i bruk.

– Ekstra sikkert

Foye sa også u dag at bygningen er den sikraste kontorbygningen i heile den vestlege verd.

Byggets entreprenørar har gått langt utover dei krav som vanlegvis vert stilte til bygningar i New York og har mellom anna nytta seg av stålforsterka betong i bygginga av «One World Trade Center».

Det er gjort fleire tiltak mot eventuelle nye terrorangrep eller andre kriser. Heisane som går opp og ned i bygninga er lokalisert midt i bygningsmassen, det er eigne branntrapper for brannmenn, i kvar etasje er det trygge rom der tilsette kan samle seg i krisetilfelle og det er bygd ekstra breie trapper.

På staden der dei to tvillingtårna stod, er det no bygd to minnesmerke, i form av to fontener.

I tillegg er det bygd eit museum, teikna av det norske arkitektfirmaet Snøhetta, og snart vil det også står klart ein stor stasjon som skal knyte saman t-banesystemet og Path-toget som går mellom New York og nabostaten New Jersey.

Tårnet vil først vere i full bruk i løpet av 2015.

Denne timelapse-videoen viser byggingen av One World Trade Center og spektakulære bilder av New York.

Sjå One World Trade Center reise seg på under eit minutt. Ein timelapsevideo frå 2012 viser korleis bygget her reist seg på nedre Manhattan.

Helikopterbilder av One World Trade Center på Manhattan i New York

Helikopterbilete av det nye One World Trade Center

SISTE NYTT

Siste nytt