Hopp til innhold

Halvor vil selje ekte tungtvatn som suvenirar

Han sikra seg dei siste historiske dråpene på 80-tallet. No håper han turistar vil kjempe om å kjøpe dei.

Tungtvann suvenir

HISTORIETUNGT: Snart kan du sikre deg dyre dropar med ekte tungtvatn. Prisen er som årgangsvin.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

HISTORIETUNGT: Snart kan du sikre deg dyre dropar med ekte tungtvatn. Prisen er som årgangsvin.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Sjølve produktet er laga i tre og messing, og har fasong som ei bombe frå andre verdskrig.

I spissen er det stukke inn ein ampull med ekte tungtvatn frå Rjukan, produsert på åttitalet.

Halvor Haugan med sin tungtvann-suvenir

Halvor Haugan med tungtvass-suveniren sin.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Ikkje heilt ukontroversielt, vil nokon meine.

Halvor Haugan er førebudd på at nokon kan reagere negativt.

– Eg ser ikkje vekk frå det. Men det er ein sjanse eg tar, då.

Interessert i tungtvatnaksjonane på Rjukan?

Ekte vare

Ideen er ikkje ny.

Tanken om å kunne selje ekte tungtvatn som suvenirar kom nemleg til Halvor Haugan allereie på slutten av åttitalet. Nærare bestemt i 1987.

Det var ikkje berre populært.

Halvor Haugan og Rune Krätzel Gulløy

Rune Krätzel Gulløy ved Protektiv i Skien har gitt suvenirane eit nytt uttrykk på oppdrag for Halvor Haugan. Her blir produktet beundra av oppdragsgivaren.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Den gong hadde han nyleg starta ei lita reiselivsbedrift på Rjukan, og var ute etter suvenirar han kunne selje frå butikken sin.

– På den tida var det ingen suvenirar frå området, fortel han.

Som sagt så gjort.

Ei bestilling på ekte tungtvatn blei lagd inn og godkjent hos hjørnesteinsbedrifta Hydro.

Ampullane blei laga av bedrifta sin eigen glasblåsar ved Rjukan fabrikkar, og påført etikettar med garanti for innhaldet.

– Dette er «original vare», forsikrar Haugan.

Kva synest du om ein suvenir med tungtvann forma som ein bombe?

Tommel ned frå Hydro

Då Hydro blei gjort kjent med planane om at produktet skulle bli til suvenirar på åttitalet, sette dei seg likevel kraftig på bakbeina, fortel Haugan.

– Leiinga blei rasande, hugsar han.

Dei trua, etter det som blir sagt, med å sette den juridiske avdelinga si på saka.

Hydro var ikkje ein motstandar ein ønskte for ei nystarta bedrift på Rjukan, og dermed blei prosjektet lagt på is.

Tungtvann ampull

Tungtvann i ampullar blir til suvenirar. Saman med produktet skal det ligge eit skriv som fortel om historia til tungtvatnet.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Fram til no.

Nyleg blåste Haugan, som no er pensjonist, støv av glasampullane igjen. Han håper det kan bli ei populær vare allereie til sommaren.

Hydro nektar ikkje Haugan å videreselge tungtvatn i 2024.

Anders Vindegg, informasjonssjef i selskapet, er først og fremst opptatt av at logoen til selskapet ikkje blir brukt.

Kommunikasjonsdirektør i Hydro, Anders Vindegg.

Anders Vindegg, kommunikasjonsdirektør i Hydro.

Foto: www.gudim.no / www.gudim.no

– Tungtvatnproduksjonen under krigen, aksjonane knytt til han og Vemork er ein viktig del av vår felles historie, seier han.

– Hydro aksepterer likevel ikkje at logoen og varemerket vårt, verken slik det tidlegare såg ut eller i noverande form, blir brukt av andre for kommersielle føremål, er kommentaren hans til NRK.

Det bekymrar ikkje Haugan.

– Eg bruker berre garantien frå Hydro. Produktet er kjøpt ærleg og reieleg for 35 år sidan.

Les også Dramatikken på Tinnsjøen: – Ingen visste hva som skulle skje

DF Hydro

Historie som skaper stort engasjement

Historia om tungtvatnet på Rjukan er godt kjent.

Jakta på det ettertrakta produktet var blant anna ei viktig brikke i spelet mellom Tyskland og dei allierte under den andre verdskrigen.

«Kampen om tungtvannet» - Espen Klouman-Høiner og Anna Friel

Kampen om tungtvatnet er godt kjent. Her frå den norske TV-serien med same namn, representert ved skodespelarane Espen Klouman-Høiner og Anna Friel.

Foto: Filmkameratene AS/Jiri Hanzl

Produksjonen av tungtvatn på Norsk Hydro sitt anlegg ved Rjukan hadde også mykje å seie for atomforskinga internasjonalt, og gjekk føre seg i totalt femti år, frå 1939-1989.

Det blei gjennomført fleire aksjonar for å stanse eksport og produksjon av tungtvatn frå Rjukan under krigen.

Historier om både heltemot og tragiske hendingar, som seinare er haldne i live gjennom filmar, radiodokumentarar, bøker og teikneseriar.

Dråpane Haugan vil selje er laga i 1987, og altså nokon av dei siste i sitt slag som blei produserte ved fabrikken.

Vemork, Rjukan

Fabrikken som laga tungtvatnet ble sprengt i 1977. Slik ser det ut på Vemork ut i dag. Fabrikken ligger like utanfor Rjukan sentrum.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Totalt har Haugan rundt 250 ferdige eksemplar liggande.

Prisen har han ikkje fastsett endeleg, men ser føre seg rundt 900 kroner per eining.

Kor produktet skal seljast har han ikkje planlagt enda, men håper at det lokale museet kan vere interessert.

Norsk Industriarbeidermuseum (NIA) sørger i dag for å halde historiene frå Vemork og Rjukan levande.

Anna Hereid, direktør for Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan.

Anna Hereid, direktør for Norsk Industriarbeidermuseum på Rjukan.

Foto: NIA

Om det blir aktuelt å selje Haugans tungtvatn som suvenirar er museumsdirektør Anna Hereid usikker på.

– Tungtvatn i ampullar er vi kjente med. Denne varianten er ny for oss. Vi hadde nok ikkje utvikla dette produktet i denne forma sjølv, men kjem det ein førespurnad skal vi vurdere det, seier ho.