NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Sjå Vestlandsrevyen 22.55

    17. mai-komitéen i Bergen tek grep for å unngå bråk og fulle ungdommar på Torgallmenningen på nasjonaldagen. Programleiar: Tale Hauso.

    17. mai-komitéen i Bergen tek grep for å unngå bråk og fulle ungdommar på Torgallmenningen på nasjonaldagen. Programleiar Tale hauso.
  • Sjå Vestlandsrevyen 19.45

    Lokale folk er uroa for at alle lastebilane til gruveprosjektet ved Førdefjorden slit på den smale fylkesvegen og kan gi alvorlege ulukker. Programleiar er Tale Hauso.

    Lokalbefolkninga er uroa for at alle lastebilane til gruveprosjektet ved Førdefjorden slit på den smale fylkesvegen og kan gi alvorlege ulukker. Programleiar: Tale Hauso.
  • Aksjonen avslutta etter melding om kantra båt

    Vest politidistrikt melder at redningsoppdratet er avslutta utan at det vart funne nokon som var i naud.

    Politiet fekk kontakt med nokre ungdommar som har vore ute på sjøen i ein liten båt og fiska. Ungdommane stadfestar at det truleg var dei som vart observert ved Brattholmen i Bjørnafjorden.

  • Redningsaksjon etter båtvelt

    Hovudredningssentralen fekk klokka 16.50 melding om at ein båt hadde kantra ved Brattholmen ved Lepsøy i Bjørnafjorden kommune.

    Ifølge meldaren var det sett tre personar som stod på kjølen til ein liten båt.

    Kystvakta, Luftambulansen og brannvesenet er ute og søker etter båten, melder Vest politidistrikt. I tillegg deltek også ein ambulansebåt og ein losbåt.

    Redningsleiar Jan Øyvind Rekeland hos Hovudredningssentralen i Sør-Noreg sa i 17.30-tida til BT at dei då sjekka ut ein båt som ikkje låg opp ned, men som kan ha vore den innringaren viste til.

    – Den båten har tre personar om bord. Vi sjekkar om dei treng hjelp, sa han.

  • Trafikkulykke i Gulen

    Nødetatene rykker ut etter melding om en singelulykke på Byrknesvegen i Gulen. Det er en person i kjøretøyet. Brannvesenet er på stedet. De ivaretar skadestedet og pasient til øvrige nødetater kommer frem. Politi og ambulanse er på vei, men har noe utrykningstid. Det er materielle skader på bilen.