Hopp til innhold

Erstatta rasutsett veg med tunnel – slik ser vegen ut no

Elleve år etter at tunnelen stod ferdig, ser gamlevegen langs fjorden ut som ein katastrofefilm.

RASFARE: – Her ser du kvifor vi lager tunnelar på Vestlandet, seier Rune Venes.

– Her ser du kvifor vi lagar tunnelar på Vestlandet, seier fotograf Rune Venes.

Biletet viser den gamle vegstrekninga mellom Lunde og Føreneset i Kjøsnesfjorden i Sunnfjord kommune i Vestland.

I 2009 vart vegen «pensjonert», og trafikken omdirigert gjennom den nye Støylsnestunnelen.

Kong Harald sto for den høgtidelege opninga av den 2630 meter lange tunnelen.

Utanfor støylsnestunnelen

STORE STEINAR: Det har rasa fleire stadar langs den tidlegare riksvegen.

Foto: Kjell Kjøsnes

– Som i ein actionfilm

Rune Venes

OVERRASKA: Rune Venes fekk seg eit sjokk då han såg korleis det såg ut på den gamle vegen.

Foto: Privat

Venes bur eigentleg i Fardal i Sogn, rundt ein time unna Kjøsnesfjorden, men var på tur med ein kamerat. Han fortel at han fleire gonger har lurt på korleis det såg ut langs den gamle vegen.

Likevel var han ikkje førebudd på synet som møtte han.

– Det såg jo ut som ei scene frå ein actionfilm, eigentleg. Eg hadde ikkje forventa at det var så gale som det var.

18 år gamal mann omkom

Kjøsnesfjorden har høge og bratte fjell på begge sider, og området er svært utsett for steinras. I 1999 omkom ein 18 år gamal mann då bussen han var passasjer i vart treft av eit steinsprang.

I 2003 mista ein mann begge beina då ein kampestein tok med seg heile fronten på bilen han køyrde.

I fjor starta milliardprosjektet med å forlenge tunnelen med ytterlegare fem kilometer, langs fjorden.

Bilete langs Kjøsnesfjorden.

STORE SKADAR: Den gamle vegen ber preg av store skadar frå steinane som har falle ned, dei siste åra.

Foto: Kjell Kjøsnes

Venes meiner bileta viser kor viktig det er å rassikre utsette vegar, som den langs Kjøsnesfjorden.

– Dei har sikkert spart mykje pengar, for vegane har vel vorte stengde for kvar einaste stein som har komme ned. Og så lurar eg på kor mange liv som har vorte redda, seier han.

Ikkje heilt trygt enno

Tidlegare leiar i Nasjonal rassikring og Ap-politikar, Åshild Kjelsnes, var med på å sørge for at tunnelen vart bygd i 2009.

Ho er forbausa over kor mykje som har rasa ned på den gamle vegen sidan då.

– Det er dramatisk å sjå korleis vegen ser ut så få år etter at tunnelen opna.

Åshild Kjelsnes, leiar i nasjonal rassikringsgruppe.

DRAMATISK: – Det er dramatisk å sjå korleis vegen ser ut så få år etter at tunnelen opna, seier tidlegare leiar i Nasjonal rassikring, Åshild Kjelsnes.

Foto: Bård Siem / NRK

Sidan 2004 har ho kjempa for rassikring av Kjøsnesfjorden.

16 år seinare vert draumen om ein åtte kilometer lang tunnel langs heile fjorden oppfylt.

På høg tid, meiner ho.

– Eg vil ikkje seie det er trygt før heile den nye tunnelen er ferdig.

Ifølgje byggjeleiar Sverre Kjos-Wenjum vil den nye tunnelen, Kjøsnestunnelen, stå klar innan to år. Det trur han fleire vil setje pris på.

– Det er klart dette er eit område med stor rasfare, så mange trafikantar vil nok kjenne seg tryggare når heile området er sikra, seier han.

Bygginga langs Kjøsnesfjorden er godt i gang.

POSITIV: Byggjeleiar Sverre Kjos-Wenjum (t.v.) kan fortelje at tunnelprosjektet går etter planen. Her saman med prosjektleiar Svein Reidar Dale, framfor eit nytt påhogg ved Kjøsnes.

Foto: STATENS VEGVESEN