Hopp til innhold

Spesialvaksine mot influensa for fyrste gong i Noreg

FØRDE (NRK): Folkehelseinstituttet har kjøpt inn 100.000 dosar av ein sterkare influensavaksine. Vaksinetypen er dyrare og har aldri tidlegare vore brukt i Noreg.

Hånd holder sprøvte med influensavaksine

NESTEN TOMT: Det er nesten tomt for den vanlege vaksinen mot sesonginfluensa. No har Folkehelseinstituttet kjøpt inn ein ny, som aldri tidlegare har vore brukt i Noreg.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB

Noreg er i ferd med å gå tom for influensavaksine, fortalde Folkehelseinstituttet måndag.

Koronapandemien har gjort at til dømes Årdal i Sogn ikkje har meir på lager.

– Det har ei forklaring, seier seniorrådgjevar ved Folkehelseinstituttet, Kjersti Rydland.

– Vi har heldt av vaksinedosar av den vanlege vaksinen i påvente av at vi får Fluad inn til lager, seier ho.

Seniorrådgiver i FHI, Kjersti Rydland.

HELD AV VAKSINE: Seniorrådgjevar ved Folkehelseinstituttet Kjersti Rydland.

Foto: Folkehelseinstituttet

Fluad, som er namnet på den nye spesialvaksinen, vil vere klar i midten av november.

Vaksinetypen er dyrare i innkjøp og har aldri tidlegare vore brukt i Noreg.

– Immunforsvaret reagerer sterkare

Bakgrunnen for innkjøpet er mellom anna at den vanlege influensavaksinen ikkje har verka «spesielt godt blant dei eldste», seier Rydland.

– Fluad er tilsett ein forsterkar for å gjere at immunforsvaret reagerer sterkare. Då får du ein kraftigare respons og betre beskyttelse.

Måndag varsla Folkehelseinstituttet (FHI) at dei har rundt 60.000 dosar med vanleg vaksine att til risikogrupper og helsepersonell.

Regjeringa har vore tydlege på at dei vil at flest mogeleg skal ta influensavaksine. Dei har kjøpt 50 prosent fleire dosar enn i fjor og sett ned prisen til 50 kroner.

Fluad-vaksinane er prioriterte til personar i risikogruppene. I fyrste omgang gjeld dette bebuarar over 65 år i sjukeheimar og omsorgsbustader.

Kommuneoverlege i Sunnfjord Øystein Furnes.

OPPMODAR: Kommuneoverlege i Sunnfjord, Øystein Furnes, tilrår influensavaksine til risikogrupper og helsepersonell.

Foto: Linn Haug Eide / NRK

– Ei auka belastning på helsevesenet

Øystein Furnes, kommuneoverlege i Sunnfjord kommune, seier at influensavaksinering er viktig – også midt i koronapandemien.

– Dei som blir alvorleg sjuke og kan døy av korona, er i stor grad dei same som kan bli alvorleg sjuke og døy av influensa. Også kan du få begge deler samtidig. Det er ein uheldig kombinasjon.

Han legg til:

– Influensa er ei auka belastning på helsevesenet. Overbelastinga kan føre til auka dødelegheit.

Dei fyrste influensatilfella denne sesongen vart registrert førre veke. FHI skriv i vekerapporten om influensa at det er større usikkerheit enn vanleg om kva ein kan vente seg denne vinteren.

Kvart år døyr om lag 900 nordmenn av influensa.

Til samanlikning har 279 personar døydd av koronavirus i Noreg så langt i år.

UZaQwBboOsE

DIREKTØR: – Det einaste heilt sikkert om influensa, er at den er uføreseieleg, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Det einaste vi veit er at vi ikkje veit

Rapportar frå delar av den sørlege halvkule, som allereie har vore gjennom influensasesongen, viser mindre influensa enn vanleg. Forklaringa er kombinasjonen hyppig handvask, betre smittevern og redusert reiseaktivitet.

Folkehelseinstituttet understrekar likevel at alt er usikkert.

– Det einaste som er heilt sikkert om influensa, er at den ikkje er føreseieleg, uttala FHI-direktør Camilla Stoltenberg til NRK 8. oktober.

Ho får støtte frå kommunelegen i Sunnfjord:

– Smitteverntiltak er viktig også, men vaksinen er det som verkeleg beskyttar, seier Furnes.