Hopp til innhold

Trossa skilting: Her står vogntoget fast i hårnålssvingen

Eit utanlandsk vogntog skapte trøbbel på ein fjellveg i Sogn i natt, etter at det køyrde seg fast to gonger. Det trass i at det er skilta mot tunge køyretøy på vegen.

Vogntog som køyrde seg fast i Fardalsvingane i Øvre Årdal.

STENGT: Tindevegen, eller fylkesveg 5632, blei stengt natt til onsdag etter vogntoget sette seg fast.

Foto: NRK tipsar

– Dei blir freista av at dei vil spara både tid og ferjepengar på å køyra fjellvegen, til trass for at det er eit stort skilt som forbyr tungtrafikk på kvar side, seier Frank Eldegard, styreleiar i Tindevegen.

Vegen mellom Turtagrø og Årdal i Sogn tiltrekker seg ein stor straum turistar kvar sommar. I juli månad køyrer kring 750 bilar på vegen kvar dag.

Tysdag kveld og natt til onsdag måtte vegen stenge to gonger etter at forskjellige vogntog sette seg fast.

Frank Eldegard, Tindevegen

– KJEND PROBLEM: Kvar sommar køyrer tungekøyretøy seg fast på Tindevegen, seier Frank Eldegard.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Følgjer GPS

Det var ikkje før klokka 9 onsdag at to bergingsbilar klarte å få laust det 17 meter lange vogntoget, som for andre gong hadde sett seg fast.

Eldegard seier dette er ei kjent problemstilling på vegen, og at det skjer kvar sommar. Han fortel at det som oftast er utanlandske sjåførar som følgjer GPS, som gjer tabba.

GPS-en rår nemleg sjåførar som kjem frå Luster å ta Tindevegen over til Årdal. Då slepp dei å køyre til Sogndal og deretter ta ei ferje.

– Dei ser på GPS at vegen ser smal ut, men tenker at det går bra. Så er dei ikkje klar over alle dei smale svingane som blir ei utfordring for køyretøy over 10 meter, seier han.

Køyrde seg fast to gonger

Første gongen det sette seg fast var kring klokka 20 tysdag kveld. Det stod då på tvers av dei smale hårnålssvingane nær Løbakken i Øvre Årdal.

Bergingsbil kom til staden og vogntoget blei dratt opp på vegen att.

Rett over klokka 01 kom meldinga: Vogntoget stod fast igjen. Denne gongen eit stykke lenger oppe på vegen.

Vogntoget tok av frå Luster opp til fjellvegen over Turtagrø i staden for å køyre langs Lustrafjorden mot Sogndal. Vegen endar i fire-fem hårnålssvingar før ein kjem til Årdal.

– Det var eit vogntog frå Litauen som blankt ignorerte skiltinga mot tunge køyretøy. Det kom ikkje lengre enn til svingane før det sat seg fast.

vogntog sperrar veg tindevegen 07 juli 2020

PÅ TVERS: Vogntoget hamna utfor vegen i Fardalsvingane ned til Øvre Årdal.

Foto: Terje Magnussen

Drog inn førarkortet

Politiet opplyste på Twitter at dei opprettar sak på hendinga, fordi det er godt skilta for kva køyretøy som har lov å køyre på vegen.

– Føraren har fått førelegg for brot på vegtrafikklova. Han har fått køyreforbod og politiet har mellombels drege inn førarkortet fram til førelegget er sikra, seier Magne Knudsen, tenestestadsleiar for politiet i Årdal til NRK.

Politiet rykka ut til staden, og det blei gjort avhøyr av føraren og oppretta sak på hendinga.

– Eg håpar rykta om den smale vegen spreier seg heilt til Litauen og Polen, så vi får luka vekk at dei vil køyra Tindevegen, seier Frank Eldegard spøkefullt.