Hopp til innhold

– Noko av det største i romfartens historie

Onsdag skal romsonden Rosetta sende ut eit landingsfartøy for landing på kometen 67P. Om landinga lukkast vil det vere ei av dei største bedriftene i romfartshistoria.

Rosettas og Philae med kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko.

Rosettas landingsfartøy, Philae, i fall mot kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko, slik det etter planen skal skje onsdag 12. november.

Foto: ESA/ATG medialab

Den europeiske romsonden Rosetta har reist gjennom solsystemet i heile ti år, og har i løpet av denne tida tilbakelagt 6,5 milliardar kilometer.

Målet for den lange odysseen er å lande på ein komet som rasar gjennom solsystemet.

Onsdag 12. november vil heile verda følgje med når Rosetta blir sett på den aller største prøven i ferda. Då vil romsonden frigi landingsfartøyet Philae og dytte han i retning mot kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko.

Om lag klokka 17 vil vi vite om Rosetta har lukkast, og om mennesket for første gang har klart å lande eit objekt på ein komet.

Milepælane i Rosettas ferd gjennom solsystemet

Milepælane i Rosettas ferd gjennom solsystemet.

Foto: ESA

– Dersom landinga lukkast er det noko av det største i romfartens historie, fordi det er så teknisk vanskeleg, seier avdelingsdirektør Marianne Moen i Norsk Romsenter til NRK.no.

– I tillegg vil det opne ei luke inn i tida før vårt solsystem vart til. Nede under overflata på kometen er forholda slik som før solsystemet vart til.

– Philae skal ta ein stikkprøve frå kometen, og det har aldri blitt gjort før, fortel Moen.

Moen skal følgje landinga frå landingsvake på Norsk Romsenter, og ho er svært spent på om landinga går bra.

Du kan følgje landingsvaken i ESAs kontrollsenter på direktestraum her på NRK.no. Vi vil også rapportere frå den norske landingsvaken på Norsk Romsenter.

– Ein suksess

Etter å ha vore på reise sidan mars 2004 nådde kometjegeren Rosetta fram til kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko i august i år. Sidan då har sonden gått i bane omkring kometen, mens ESAs Rosetta-team har brukt tida til å finne den perfekte landingsstaden for landingsfartøyet Philae.

Norsk Romsenter er med på Rosetta-samarbeidet gjennom den Europeiske romfartsorganisasjonen, ESA.

Direktør ved Norsk Romsenter, Bo Andersen, meiner at Rosetta alt er ein suksess.

– Det har vore ei lang ferd, der sonden har tilbakelagt nesten 1 milliard kilometer i året. Den har passert jorda tre gongar, planeten Mars ein gong og har også passert to asteroidar. Og sidan den kom fram til kometen har den levert fantastiske bilete av kometoverflata, fortalde Andersen til NRK.

Her skal Philae lande

Dette er landingsstaden som ESA har sett seg ut for landingsfartøyet Philae. Den raude ringen er 500 meter i radius.

Foto: ESA/Rosetta/MPS for OSIRIS Team MPS/UPD/LAM/IAA/SSO/INTA/UPM/DASP/IDA

Slik skal landinga skje:

  • Etter at landingsfartøyet Philae er frigitt frå Rosetta, vil fartøyet falle langsamt mot kometoverflata.
  • Philae vil falle i 7 timar, og vil treffe kometen i langsam gangfart, ein meter per sekund. Dette vil skje om lag klokka 17 norsk tid.
  • Fordi tyngdekrafta til kometen er så låg, fryktar ein at landingsfartøyet vil «skvette av». I det han treffer overflata vil to små rakettar derfor bli fyrt av for å halde fartøyet nede, og Philae vil skyte to små harpunar ned i kometen for å halde seg fast.
  • I tillegg vil tre isskruar bli bora ned i kometen slik at Philae kan henge fast.
Tidslinje for Philaes kometlanding

Tidslinje for Philaes kometlanding.

Sjå ein video som viser korleis Philae lande, dersom alt går som det skal:

Kan hindre kollisjon

Det vitskaplege målet med kometlandinga er å få meir kunnskap om kometar. Forskarane meiner at desse mystiske, langvegsfarande objekta i solsystemet er restar som vart att etter at sola og planetane i solsystemet vart danna.

Dei består sannsynlegvis for det meste av is, men også karbonsambindingar som kan ha ein finger med i spelet for utvikling av liv. Alt dette kan vi kanskje få vite meir om dersom Philae klarer å lande på overflata av 67P.

Andersen fortel at kometlandinga også kan førebu oss på å handtere kometar på kollisjonskurs med jorda, sjølv om risikoen for slike hendingar er svært liten.

– Vi håper at vi viser i morgon at vi kan lande på ein komet. Og da kan vi gå tilbake til Deep Impact og lande på den og dytte den unna.