Storparten av breane i Noreg er mellom fire tusen og fem tusen år gamle, men sjølve isen har stadig vore i utskifting gjennom varme og kalde periodar. Før i tida vart breane nytta som ferdselsvegar. Både dyra og dei som jakta på dei trekk opp på breane på varme sommardagar.
Storbreen i Reinheimen i Oppland minkar
I Aust- og Midt-Noreg minkar breane i dag kanskje av di det kjem lite nedbør om vintrane og at somrane er varmare enn før. I Vest-Noreg derimot er breane stabile eller aukar litt, kanskje på grunn av auka nedbør.
Det vi fann i denne breen kan altså i prinsippet vere tusen år gammalt, men sjølvsagt også langt yngre. Uansett kan den fortelje historie både om klima, dyretrekk og sjølve isbreen - om alderen vert slått fast. Det skal no gjerast ved hjelp av radioaktivt karbon og det som vert kalla C14-metoden.
Biolog Reidar Andersen oppmodar no folk om å vere ekstra merksame og gjerne leite i brekantane etter gjenstandar, dyr og menneske, som kan smelte fram etter den varme perioden som no har vore.
Her er det vi fann
Send gjerne funna til Norsk Institutt for Naturforskning, NINA, i Trondheim.
Kva vi fann? Menneske eller dyr?
Dei som fekk med seg sendinga på torsdag 4. september, vil vite at det var eit elgkadaver.