ESA har nemleg ansvaret for kanskje den mest spektakulere delen av Cassini-Huygens prosjektet: Landinga av instrumentsonden Huygens på Titan.
Titan, den største av Saturn sine 33 månar, er ufattlege 1,25 milliardar kilometer unna jorda. Ein avstand som Cassini Huygens har brukt 7 år på tilbakelegge.
Claudio Sallozzo (Foto: NRK)
Og no er det berre timar att. Fredag føremiddag (14.01) norsk tid er ein kritisk fase: Då rasar Huygens gjennom Titan sin atmosfære, og to timar etter skal den europeiske sonden lande på Titan.
- Eg har brukt dei siste 15 åra av karrieren min til dette, seier ein spent, men smilande Claudio Sallozzo som er operation manager for Huygens.
Flygeleiar
Vi kunne nesten ha kalt han flygeleiar, for det er han som har ansvaret for Huygens si dramatiske sisteferd. Etter at Huygens har landa i over 170 minusgrader på Titan er det truleg berre snakk om minutt før ein misser kontakt med sonden - for alltid.
- Under heile den to timar lange nedfarten til Titan kjem Hoygens til å ta bilete og gjere ei mengde ulike målingar i atmosfæren, forklarer Sallazzio.
Ut frå desse bileta og målingane kan vi truleg seie noko om vår eigen jordklode for fleire milliardar år tilbake, før livet oppsto.
Gry Molvær og Kim Nergaard i hovedkontrollrommet til ESA i Darmstadt. Neergaard er ein av fire norske forskarar som arbeider der.
Eller rettare sagt; kva for kjemiske prosessar som la til rette for at livet på jorda skulle oppstå. Forskarane meiner nemleg at ugjestmilde Titan liknar svært mykje på vår eigen klode for omlag 4,5 milliardar år sidan.
Europeisk ansvar
- Det er klart ein merkar at spenninga og konsentrasjonen aukar no dei siste timane. Det er mykje som skal klaffe, seier norske Kim Nergaard som viser oss rundt. Han har arbeidd ved ESA i Darmstadt i over 13 år og er i dag Head of Future Studies Section.
- Tradisjonelt har det vore amerikanarane som har sitte med mykje av romkompetansen. No er det viktig at vi i Europa kan få opparbeidd den same kompetansen og få til ei vellukka landing, seier Nergaard.