" name="7">Skreddersydd medisinSkreddersydd medisin
Av Gry Molvær
- Vi har på eit vis snudd på det, seier DeCode-leiar Kári Stefánsson.
I staden for å starte ut med ei hypotese om korleis ein biokjemisk prosess i kroppen kan føre til sjukdom - har vi heller starta med å finne genet som set den skadelege prosessen i gang. Så prøver vi å behandle det genet.
Medisinen heiter berre DG-031. Foto: NRK
Omlag 200 islendingar med hjartesjukdom har siste tida testa ut eit nytt medikament som skal dempe den uheldige aktiviteten til FLAP-genet. Resultata har vore postive, og DeCode utvidar no testinga over nyttår. Då skal mellom 3.000 og 4.000 nye hjartepasientar, truleg i USA, Europa og Island, prøve medikamentet som førebels berre går under namnet DG-031.
-Stoffet har tidlegare vore prøvd ut på astmapasientar - utan at det ga særleg god effekt i den samanheng, seier Kári Stefánsson
Hjarte- og karsjukdom er berre ein av folkesjukdomane selskapet ser på. I tillegg til hjarteproblem, ser DeCode også etter gena som mellom anna kan føre til diabetes 2, astma, fedme og schizofreni.
Og forskarar verda over følgjer no forskinga til islendingane med argus-auger. Det er fordi resultata til DeCode kan føre til ein ny måte å tenke medisin på. Men òg fordi det børsnoterte selskapet tidlegare har vore svært omstridd.
Då selskapet vart starta på midten av 90-talet, fekk etterkvart Kári Stefánsson lisens av det islandske Alltinget til å drive ein helsedatabase. I basen skulle alle helseopplysningar om islendingane samlast, og planen var at opplysningane kunne kryssast opp mot DNA-profilane. Ein oppheita debatt følgde, og førebels har ikkje DeCode sett basen i gang. Truleg fordi restriksjonane etterkvart vart så mange, og kanskje og på grunn av mangel på pengar til basen.
Kári Stefánsson har fått fram gode resultat. Foto: NRK
Sjølv seier Kári Stefánsson at dei førebels har klart å få fram så gode resultat utan å sette i gang helsedatabasen, at dei førebels har sett det på vent.
Dersom testinga av den nye hjartemedisinen vert velukka - kan eit nytt preparat vere på marknaden i 2009, meiner DeCode . Men kor stor del av risikoen for hjarteinfarkt som faktisk ligg i FLAP-genet er ikkje kjent. I prinsippet kan røyking og andre miljøfaktorar spele ei vel så stor rolle.