Her er forløparen til «Ikke gjør dette hjemme»
Roteromfysikarane Øgrim og Ormestad gjekk heller ikkje av vegen for å gjere rampete forsøk for 40 år sidan.
Publisert 14.01.2012 21:35.
- Kommentarer
- Skriv ut
Fysikk på roterommet

Otto Øgrim og Helmut Ormestad med sykkel og vassprut.
Foto: Tore Halden, NRK- Programserie av og med Otto Øgrim og Helmut Ormestad.
- Serien starta på radio, men vart vidareutvikla til TV då fjernsynet kom omkring 1960.
- Serien gjekk på fjernsyn med enkelte opphald frå 1960 og fram til 1993.
- Otto Øgrim (1913-2006) var universitetslektor i eksperimentalfysikk ved Fysisk institutt, Universitetet i Oslo, frå 1947 og til han gjekk av med pensjon i 1983.
- Helmut Ormestad (1913-1993) var professor i fysikk ved Universitet i Oslo.
- Saman gav Øgrim og Ormestad ut fleire bøker basert på programserien, blant anna Pølser, fysikk og potetsalat frå 1951, og Fysikk på roterommet frå 1992.
Kjelde: snl.no
Bytt ut dampmaskiner og sprettertar med varmtvassbehaldarar og dynamitt – så er kanskje «Ikke gjør dette hjemme» berre 2012-versjonen av «Fysikk på roterommet»?
- Les også: Slik gjer du ikkje med juletreet
Å vekke interesse for naturvitskap og fysikk gjennom eksperiment og humor var målet for fysikarane Helmut Ormestad og Otto Øgrim (sjå faktaboks).
Dei to fysikarane underheldt Noregs befolkning i ein mannsalder under programtitlane« På roterommet» og «Fysikk på roterommet».
- Les også: Historien bak 'Fysikk på roterommet'
Trass sin akademiske pondus var duoen absolutt ikkje redd for å tulle og tøyse på eksperimentrommet. Alt frå magnetisme og elektrisitet til kvardagslege fenomen som pølsekoking kunne vere tema for eksperimenta.
Sjå klipp med pølsefysikk frå Fysikk på roterommet anno 1963:
Mykje til felles
– «Fysikk på Roterommet» og «Ikke gjør dette hjemme »har veldig mykje til felles, meiner prosjektleiar for Ikke gjør dette hjemme i NRK, Njord Røv.
– Begge programma har ein leiken og nysgjerrig tilnærming til naturvitskapens forunderlege verd, og engasjerer sjåarane med å bruke kjente gjenstandar i kjente omgivnader, seier Røv.

Går Rune Nilson og Per Olav Alvestad i fotspora til Otto Øgrim og Helmut Ormestad?
Foto: NRKProgramleiarrollene har også visse likskapstrekk. I «Fysikk på roterommet» var ein er litt naiv og spørjande (Ormestad), den andre forklarte (Øgrim). Rollefordelinga er ikkje så ulik i «Ikke gjør dette hjemme».
– Men der Ormestad stilte dei enkle spørsmåla og Øgrim forklarte, så er Nilson den skeptiske mens Alvestad er pådrivaren. Og der Ormestad og Øgrim i sine samtalar var pedagogisk forklarande, er Alvestad og Nilson meir fysisk utførande. seier Njord Røv.
- Les også: Strutseegg i mikroen
Sjå Øgrim og Ormestad eksperimentere med eksploderande egg:
– Gamlekara visste kva dei dreiv med
Programleiar Rune Nilson hugsar Roterommet som magisk og utruleg spennande, sjølv om han litt problem med å sjå seg sjølv i rolla som ein av dei to fysikarane.
– Dei var jo litt ordentlege, seier Nilson først. Men så tenkjer han seg om:
– Eller var dei kanskje litt rampete og galne dei også?
– Ein annen ting er at gamlekara openbart visste kva dei driv med. Det gjer vel strengt tatt ikkje vi, veldig ofte i alle fall, innrømmer Rune Nilson ærleg.
Roteromfysikarane leikar med spytterøyr:
Ville vore begeistra
Røv trur fysikarane på roterommet ville likt «Ikke gjør dette hjemme».
– Eg er overbevist om at Øgrim og Ormestad ville vore svært begeistra for 2012 – utgåva, seier prosjektleiaren.
Rett nok ville Øgrim og Ormestad gjerne inspirerer folk til å prøve ut eksperimenta deia på eiga hand, noko «Ikke dette hjemme»-programleiarane absolutt ikkje vil.
Men målet for programma er kanskje likevel det same:
– Øgrim og Ormestad var svært opptekne av korleis naturvitskapen skulle nå ut og skape nysgjerrigheit og interesse – så begge programma har felles målsetjing, seier Røv.
Nilson er litt meir usikker på kva dei to legendariske fysikarane ville meint:
– Det kan jo hende dei ville rista på hovudet av oss også, seier han.
Synest du det går ein raud tråd frå roterommet til «Ikke gjør dette hjemme» eller er du heilt ueinig? Gi di meining i kommentarfeltet.
Sjå spegelbedrageri i Fysikk på roterommet:
Les
Fysikk og kjemi
- Verdens kjedeligste eksperiment?
- Fanga snøflak i 3D for første gong
- Enklare å lage svarte hol enn trudd
- Kan ha funnet legendarisk solstein
- Fysikarar knyter knutar av vatn
- Dette er DNA
- Kappløpet mot DNA
- Norsk membran fjernar CO2
- Klokkevekta kan redefinere kiloet
- Star Trek-teknologi utviklet
- Higgs-bosonet årets gjennombrot
Ikke gjør dette hjemme
- Sære forskjeller i ekstremprogram
- Ikke gjør dette hjemme på Discovery
- Ødeleggelsen i bilder
- Brenn ned huset og takkar for seg
- Her ryker veggen
- Byggjer bombe av varmtvasstanken
- Eksplosjonen som gav Rune ein støkk
- Gamledagars Ikke gjør dette hjemme
- Byggjer iglo av vaniljeis
- Slik gjer du ikkje med juletreet
- Pris til «Ikke gjør dette hjemme»

