Soldrive fly på veg til Marokko i første interkontinentale flight

Flyet Solar Impulse flyr på solkraft med hjelp av 12000 solceller.
Foto: © Solar Impulse | Jean RevillardFlyet «Solar Impulse» skal fly frå Sveits til Marokko utan å nytte ein drope drivstoff. Følg flyturen direkte her.
Publisert 24.05.2012 12:14.
- Skriv ut
Denne artikkelen vil bli oppdatert.
Etter ei forseinking på grunn av tåke torsdag morgon, tok flyet «Solar impulse» av frå flyplassen i Sveits i sitt første forsøk på å utføre ein interkontinentale flight.
Pilot Andre Borscberg førte flyet i lufta på den første etappen til Madrid i Spania der flyet landa natt til fredag klokka 1.26.
Nøyaktig takeoff for neste etappe, Madrid-Marokko, er ikkje offentleggjort, men ifølgje ei pressemelding skal flyet etter nokre dagar på Madrids flyplass, Barajas, krysse Gibraltarstredet og lande i Rabat om kvelden.
– Vi er svært godt førebudd, sa pilot Borchberg frå cockpiten i solflyet.
Følg flyturen live her (sendinga vil starte ved takeoff frå Madrid) :
Solar Impulse HB-SIA
- Flyet Solar Impulse blir drive av fire elektriske motorar som får energi frå 12000 solceller som er integrert i vengjene på flyet. Flyet har også eit 400 kg litium polymer batteri som kan lagre energi.
- Flyet har rekorden for lengste flytur for eit bemanna fly drive av sola med 26 timar, 10 minutt og 19 sekund over Sveits. Det har også høgderekorden på 9235 meter.
- Flyet veg om lag som ein vanleg personbil, og har ein fart på om lag 70 kilometer i timen.
Kjelde: Solar Impulse
Kryssa Pyreneane
Solcelleflyet Solar impulse gjorde historie i juli 2010 då det vart det første flyet som klarte å fly døgnet rundt på solas energi.
Flyet har også bevist at det kan utføre internasjonale flyturar, noko som vart demonstrert i ein flight frå Payerne til Brussel i Belgia i 2011.
Den gongen sa pilot Borschberg dette om målsetninga for Solar Impulse:
– Vi vil vise kva som er mogleg å gjere med eksisterande teknologi. Det er svært vanskeleg å seie om alle vil fly solcelledrivne fly i framtida, men viss vi ikkje startar i dag, vil vi ikkje ha dette i morgon, sa piloten André Borschberg via video frå flyet.
- Les også: Solfly på internasjonal flyging
Etter ein lydlaus takeoff frå Payerne kryssa Solar Impulse seinare grensa til Frankrike ved Jura i ei høgde på om lag 3600 meter.
Flyet flaug over fjellkjeda Pyreneane i ei høgde på 8500 meter på sin veg til den spanske hovudstaden.
Solkraftverk
Dersom flyet lukkast i å nå fram til Marokko, vil dette vere den lengste turen flyet har gjort til no.
I Marokko skal flyet etter planen lande samtidig med starten på bygginga av det som vil bli verdas største solkraftverk i Ouarzazate-regionen.
Flyturen er ein del av oppkøyringa før solcelleflyets planlagde store mål, ei flyreise jorda rundt i 2014.
Teknologi og data
- Hodebånd hjelper deg å fokusere
- Google lanserer Spotify-konkurrent
- Fløy ubemannet passasjerfly
- Mindre trolig at mobil gir skader
- Hevder spillpremie vil endre livet
- Slik får du flere Twitter-følgere
- Kamera oppfører seg som insektsøyne
- Verdens minste flygende robot
- Google tilbyr etter døden-sletting
- 40 år siden første mobilsamtale
- Spiller seg til fysikkunnskaper
Klima og miljø
- Klimaforskerne er samstemte
- Arktis-hav blir surere
- Dropper NASA, kritiserer klimakamp
- Sorterer søpla betre enn menneske
- Klimautslipp fra fly til himmels
- Stjerneskot gir betre vêrvarsel
- Norsk membran fjernar CO2
- Krever klimatiltak fra Obama
- Blåskjel varslar oljeutslepp
- Gladmelding for verdens miljø
- Anmelder Plumbo-produsent

