Hopp til innhold
Kronikk

La familiane bestemme sjølv

Viss mor og far er gamle nok til å få born, er dei også gamle nok til å fordele permisjonen sin.

Familiemiddag

'Avgjersla om fordeling av foreldrepermisjon må bli tatt rundt familien sitt middagsbord – og ikkje i stortingssalen,' skriv leiar i KrFU, Emil André Erstad.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

KrFU har fått ei utfordring om å finne ei sak der vi er ueinige med KrF. Vårt val fall på foreldrepermisjonen. Vi meiner at foreldre fritt skal kunne disponere permisjonen mellom mor og far. Slik det er i dag, fell delar av permisjonen bort om far ikkje tar ut sin del.

Det er viktig å legge mest mogleg makt til familien og avgjerslene som blir fatta rundt kjøkenbordet. Permisjonen burde òg avgjerast her.

Straffar familiar

Dagens reglar er resultat av eit kompromiss mellom Regjeringa, KrF og Venstre. Far får ti veker og mor 15 veker, mens 25 veker kan fordelast fritt mellom foreldra. I tillegg kjem permisjon før fødsel for mor og omsorgspermisjon knytt til fødselen for far. Om far ikkje tar ut ti veker i permisjon, misser familien desse vekene. Å straffe familiar for å ta val om sin eigen kvardag, er mildt sagt uheldig.

Ingen familiar er like. La oss difor ikkje late som om dei er det.

Emil André Erstad, leiar i KrFU

Det er ikkje ofte eg meiner Framstegspartiet og Høgre har rett i eit spørsmål der KrF er ueinige, men i dette tilfellet er det klart at valfridom for familiane tilseier fri fordeling av permisjonsvekene mellom mor og far.

Valfridom og likestilling

I dette spørsmålet er det to viktige verdiar ein ønskjer å vareta: Likestilling mellom kjønna og valfridom for familiane. Med vår politikk vil mor og far sjølv kunne bestemme korleis dei vil fordele permisjonen.

Det er eit gode når makta til å ta avgjerdene ligg nærast dei som vert påverka av dei.

Emil André Erstad, leiar i KrFU

I tillegg reiser debatten spørsmål om kor ein skal setje grensa for politikken. KrFU meiner fordelinga av permisjon mellom far og mor ikkje bør avgjerast sentralt i eit politisk fora som Stortinget. Kva som er best for den enkelte familien, er det nettopp familien sjølv som veit best. Alle familiar har sine særpreg, arbeidstider, familiekonstellasjonar og fritidsaktivitetar. Det er like mange kabalar som skal gå opp som det finst familiar. Å organisere kvardagen sin bør difor vere opp til familien sjølv – dei veit best kva utfordringar dei har kvar dag.

Ingen familiar er like

Det er eit gode når makta til å ta avgjerdene ligg nærast dei som vert påverka av dei. Ordningar som let familiar prioritere ut frå sitt eige liv er derfor betre enn om folkevalde i nasjonalforsamlinga set opp normer for familielivet til alle med nyfødde. Ingen familiar er like. La oss difor ikkje late som om dei er det.

Her har KrF og KrFU ulike oppfatningar om kor grensa skal gå for politisk styring. Etter vår meining trår ein over ei grense når politikarane bestemmer korleis ein fordelar arbeidet i heimen og omsorga for barna våre. Det burde ikkje vere sjølvsagt at det er politikarane som veit best når det kjem til korleis den enkelte familie skal prioritere.

Familiane sin valfridom kan fint kombinerast med tiltak for likestilling.

Foreldre er vaksne

Om vi tvingar menn ut i permisjon, blir det kanskje fleire som tar permisjon og det blir meir vanleg og akseptert av arbeidsgjevar. Samtidig er det viktig at familien sjølv tar ansvar. Foreldre er vaksne og begge har rett til permisjon om dei ønskjer det. Politikarane skal ikkje hjelpe oss med alt.

Det er godt mogleg at færre menn tar permisjon om fedrekvoten blir tatt vekk, men det kan hende vi som samfunn likevel kan leve med det. Det kan rett og slett avspegle kva som er familiens ønskje.

Det er godt mogleg at færre menn tar permisjon om fedrekvota blir tatt vekk, men det kan hende vi som samfunn likevel kan leve med det.

Emil André Erstad, leiar i KrFU

Ein opparbeida rett

Det andre sentrale argumentet som vert framheva frå tilhengjarane er at ei eiga pappakvote er meir «reell» valfridom, samt ein opparbeida rett. Men fedre sin rett til å ta ut foreldrepermisjon er ikkje avhengig av ein kvote. Ein kan gå til kva som helst slags arbeidsgjevar og krevje permisjon utan at arbeidsgjevar har nokon formell sanksjonsmoglegheit. Det kan ein gjere med eller utan fedrekvoten, men ein må sjølvsagt gjere det.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Twitter

Ein eigen kvote gir heller familien mindre valfridom, sidan dei i mindre grad får moglegheita til å bestemme korleis permisjonen skal fordelast. Lov om foreldrepermisjon sikrar både mor og far full rett til permisjon. Altså er det ikkje eit spørsmål om rettar, men spørsmål om incentiv for det ein gjer.

«Må» ut i permisjon

Sjefen, arbeidsgjevar, eller mødre – og ikkje minst svigermødrer, for den saks skuld – kan bruke uformelle sanksjonar mot pappa som vil ut i permisjon. Med fedrekvoten «må» far ut i permisjon. Spørsmålet blir då om å anerkjenne eit potensielt problem legitimerer politisk innblanding i familiane sin kvardag. Vi meiner at det ikkje gjer det.

Å styre familiane etter staten sine ønskje og behov er ein tradisjon hos dei sosialistiske partia, som misforstår forskjellen på «fellesskap» og «stat».

Emil André Erstad, leiar i KrFU

Å styre familiane etter staten sine ønskje og behov er ein tradisjon hos dei sosialistiske partia, som misforstår forskjellen på «fellesskap» og «stat». Både mødrer og fedrar som ønskjer å ta ut meir permisjon har rett til det. Dersom ein er gammal nok til å avgjere om ein skal få born, er ein og gammal nok til å avgjere kven som skal vere heime med permisjon og kven som skal på jobb.

Det er ingen tvil om at KrFU ønskjer å få moderpartiet til å endre meining i denne saka. Vi meiner at i denne debatten er verdien av valfridom for familien viktigast. Vi må ha tillit til familiane.

Avgjersla om fordeling av foreldrepermisjon må bli tatt rundt familien sitt middagsbord – og ikkje i stortingssalen.